Ola Sveen haustar ros for arbeidet for villaksen

Avisa Firda hadde sist laurdag eit flott oppslag om arbeidet med å sikre villaksen i elvane i Sunnfjord. Oppdrettar Ola Sveen frå Svanøy Havbruk har spelt ei viktig rolle her.

Ola Sveen har 30 års erfaring med klekking og overleving hos aure og laks i oppdrett, og har delt denne kunnskapen med dei som driv med kultivering av villaks. Han har og hjelpt til med utstyr som har oppgradert klekkeri fasilitetane deira. Dette er eit glimrande døme på kunnskapsdeling og samarbeid mellom villaksinteresser og oppdrettsinteresser. I dette tilfellet har ein lagt all mistru tilsides og konsentrert seg om å få meir laks i elvane. Les heile oppslaget ved å fylgje linken:

Firda 07.01.2012