Laksens Dag 2012 er under planlegging
På eit møte i Florø i går vart det bestemt at det folkelege arrangementet Laksens Dag skal vidareførast.
Arrangementet i fjor fekk gode attendemeldingar, og vi er svært nøgde med samarbeidsmodellen med Sildebordet, Båtmessa, musikkfestivalen og Kinnaspelet. I år vert det dessutan fotballkampar med Brann og Sogndal i kystbyen denne helga. Som i fjor, vil ein gå ut og be næringa og tilstøytande leverandørar om å bidra og å delta for at Laksens Dag skal bli ein folkefest. Alle som vil engasjere seg er velkomne med innspel. Årets Laksens Dag går av stabelen 16. juni, med eit rikt og variert tilbod i byen frå torsdag 14. til sundag 17. juni. Vel møtt!
Tekst: Øyvind Kråkås