Kommentar i Maritimt Magasin

Salmon Group blei bedne om å skrive ein kommentar om lokaleigde oppdrettsverksemder si betydning for lokalsamfunna, til det neste nummeret av Maritimt Magasin. Les kommentaren her:

Då utvalet som skulle utrede arealtilgangen for sjømatproduksjon la fram sin rapport, kom nokre av dei viktigaste forslaga som eit sjokk på lokalt baserte oppdrettsverksemder. Dette kunne beint fram bety kroken på døra for mange av dei.

Utvalet hadde i sitt arbeid ikkje lagt til grunn eller hatt noko tilfang på kunnskap om kva desse verksemdene har å seie for sine lokalsamfunn. Salmon Group sette difor i gang eit arbeid som skulle få tal og fakta fram i lyset. Konklusjonen vart overraskande, sjølv for eldsjelene i lokal oppdrettsnæring; i mange kystkommunar utan bysamfunn, står oppdrett for store delar av næringslivet si evne til å akkumulere kapital.

Det var siviløkonomen Johan Magerøy som fekk oppdraget med å utgreie dette saksfeltet på vegne av oppdrettsnettverket, og arbeidet hans vart levert som eit eige høyringssvar til arealrapporten. Magerøy konkluderar med at havbruk spelar ei avgjerande rolle i lokal kapitaldanning og for aktiviteten i sine lokalsamfunn. Så vel daglegvareforretningar som lokale bankfilialar har blitt sikra gjennom oppdrettsnæringa sine investeringar og tenestekjøp.

Spesielt framhevar han dei lokaleigde selskapa. Desse er i større grad totalkundar i sine kommunar og regionar, og Magerøy meinar dette er med og sikrar legitimiteten til heile næringa. Ei arrondering som svekkar lokalt eigarskap, vil kunne tære på grunnlaget som oppdrettsnæringa har for å etablere seg i kyst- og fjordkommunar.

Men; når ikkje næringa sjølve var heilt klare over kva for ei kraft dei representerar i lokalsamfunna, kan ein vel knapt rekne med at alle utanfor bransjen skal vere medvitne om det? Denne jobben må havbruksnæringa ta, og den er godt i gang, mellom anna i kampanjen ”Laks er viktig”, som går på tv i desse dagar, og som er tilknytt ei eiga nettside for kunnskap om lakseoppdrett og oppdrettslaks; laks.no.

Tekst: Øyvind Kråkås