Hav 21- den store forskingsdiskusjonen

Forskarar er litt som ungdom i trassalderen; dei går berre i dialog om dei er ute etter pengar. Fredag 6. januar var ein slik dag, då prosjektet Hav 21 inviterte til møte på Hotel Norge. Men som mange foreldre veit; slike dagar er ein fin sjanse til å ta att litt tapt kvalitetstid.

Oppmøtet var godt, der er mange som lever på å forske på det marine miljøet, og svært mange av desse sit i Bergen og omegn. Få var heilt sikre på kva Hav 21 er for noko, og det står vel enno ganske opent, fram mot 1. mars, fristen for å kome med innspel.

For der er ikkje nokon uttalte målsetnader bak Hav 21. Det er berre ein overordna strategi. Korleis ein kan legge ein strategi utan å ein målsetnad jobbe mot , kan ein jo lure på, men truleg vil både målsetnad og strategi høyre til under det ein ynskjer attendemeldingar på.

Forskingsrådet passa på å nytte høvet til å utfordre havbruksnæringa, med påstandar om at ein forskar mindre enn andre, samanliknbare næringar, og at ein forskar for mykje på reine driftstekniske ting. I so fall kunne det vere nyttig å tenkje på kva reaksjonar ein har møtt på den forskinga som næringa har lagt fram… Ofte vert den møtt med skuldingar om pseudovitskap, betalte konklusjonar og at den er uråd å forstå fordi den ikkje er publisert på engelsk.

Men dette var ikkje forskinga sin mest kategoriske dag, no skulle ein samle innspel. Og pengar. For mest av alt likna dette ein fin samleperm for ein stor bunke søknader om forskingsmidlar. Men denne gongen var det som blei sagt frå salen meir interessant enn det som kom frå podiet. Forskingsmiljø frå samfunns- og statsvitskap melde seg på og ville spele ei rolle. Det vart jamvel orda frampå om ein burde forske litt på om forvaltninga kan vere ein flaskehals for utvikling, slik næringa hevda frå salen.

For næringa sitt vedkomande kan dette vere ein sjanse til å reise ein grundig og god diskusjon om satsing på forsking som vi meinar er relevant, og ikkje minst eit betre samspel mellom forsking, forvaltning og næring. Peter Gullestad var mellom dei frammøtte. Då han leia eit ekspertutval som skulle føreslå endringar i struktur og regelverk for havbruksnæringa, var ingen frå næringa inviterte med. Heller ikkje dei leiande forskingsmiljøa på økonomi og næringsliv var tekne med på råd. Ei ekspertuttale om næring, utan ein einaste eigentleg næringskunnig delegat.

Hav 21 bør ikkje få gli forbi som eit samråd der forskingsmiljøa deler byttet mellom seg, utan innspel frå næringa. Det er no vi har høvet til å peike på feil og manglar med eksisterande forsking, forvaltning og våre sjansar til å spele inn undervegs. Det er no vi kan krevje ein gjennomgang og kvalitetssikring av det ein kallar ”eksisterande kunnskap”. Det er no det er tid for ein alvorsprat.

Tekst: Øyvind Kråkås