Godt nytt oppdrettsår!
Året 2011 er historie, og vi brettar opp armane for nok eit år med produksjon av verdas beste fisk. Året startar offensivt, Salmon Group skal halde innlegg på 3 viktige konferansar.
Først ute er Tekna sin konferanse “Marin ressursutnytting” i Trondheim 3. januar. SG presenterar prosjektet “Integrert Akvakultur”, og vil legge vekt på kva faktorar som må vere på plass for å utvikle ny, lønsam industri.
17. og 18. januar er det igjen Trondheim soim gjeld, denne gongen Sjømatdagane på Hell. NSL sin årlege konferanse er delt inn i ein felles dag og ein dag med spesialisering. Salmon Group held innlegg den andre dagen, det gjere og vår økonomikunnige medhjelpar Johan Magerøy, og Lars Heine Kåsa frå Lingalaks.
Turen går rett vidare og sørover til Stord. 19. og 20. januar er det AqKva konferansen, og der vil dagleg leiar Nils Inge Hitland halde innlegg.
I tillegg arrangerar Salmon Group aksjonærtur med varierte fagtema til Tenerife denne månaden.
Godt nytt og aktivt år!