Fyller opp med fiskefolk
Salmon Group har ei tid jobba med å leige ut to kontor i lokala ein disponerer i Florø. Målet har vore at ein skal styrke fiskemiljøet i Fugleskjærsgata, der Salmon Group og eksportselskapet Norwell har helde til ei god stund, samt fylkeskommunen si avdeling for havbruk. Frå nyttår flytta to nye fiskeverksemder inn.
Det er oppdrettsselskapet Svanøy Havbruk AS og kvitfiskhandlaren Polartrade som no har flytta inn. Med dette har ein fått disponert all kontorkapasiteten i Salmon Group sine flotte lokale, som og omfattar møterom og felles lunsjrom med kjøken.
Dei fantastiske, maritime omgjevnadane er ei alle tiders ramme for eit arbeidsmiljø med fokus på fisk, og den sentrale plasseringa i byen gjere det enkelt for folk å stikke innom. Salmon Group er godt nøgde med å vere etablerte i laksehovudstadane i Sogn og Fjordane og Hordaland; Florø og Bergen.
Tekst: Øyvind Kråkås