Ekstraframsyning for Johan Magerøy under Sjømatdagane

Siviløkonom og sjølvstendig konsulent, Johan Magerøy, var invitert til Sjømatdagane på Hell for å snakke om lokaleigde oppdrettsselskap sin innverknad på lokalsamfunna. Skodde på Værnes gjorde til at han fekk snakke begge dagane under arrangementet.

Johan Magerøy er kjend i havbruksnæringa som ein mangeårig og kunnskapsrik bankmann. Mellom anna var han som fersk banktilsett i Askvoll med og løyste knutane etter FOS konkursen, der salslaget bukka under og mange sat att med store tap. I sommar hyra Salmon Group han til å gjere eit arbeid kring dei potensielle økonomiske verknadane av Gullestad utvalet sine forslag. Rapporten han laga, har sidan vakt nasjonal interesse.

Då skodda la seg som eit grautomslag over Værnes flyplass rett før opninga av Sjømatdagane 2012, var gode råd dyre for arrangøren NSL. Fleire føredragshaldarar var mellom dei som ikkje kom seg fram til Rica Hell i tide. Som for mang ein næringsdrivande på vestlandet, vart Johan Magerøy ein del av redninga også denne dagen. Han tok sporty utfordringa om å flytte føredraget sitt fram frå torsdag morgon til onsdag ettermiddag. Enden på visa vart at han snakka begge dagane.

”Dei lokaleigde selskapa er ein del av legitimiteten til heile næringa”, hevda han framfor dei frammøtte på Hell. Ei case-studie frå Askvoll kommune, syner at havbruk er viktigare for lokal kapitalbygging enn dei fleste ville trudd. Overskotet til to oppdrettsverksemder, med til saman 5 av kommunen sine 12 konsesjonar , utgjorde i 2009 om lag to tredelar av det samla overskotet i dei 104 andre aksjeselskapa i kommunen.

Johan Magerøy synte til mange eksempel på kva lokal kapital har medført i lokalsamfunn langs norskekysten, deriblant Aksel Olsen og Selsøyvik Havbruk AS sin innsats for bygningar og drift i det idylliske øysamfunnet på Helgelandskysten. Magerøy hevda og at enkelte lokale bankfilialar kunne vore nedlagde om det ikkje var for lokaleigde havbruksverksemder.

Les høyringsuttalen frå Johan Magerøy til Gullestad her: Høyringsuttale

Tekst: Øyvind Kråkås