“Dette skal inn i forvaltningen”
Forskar ved Havforskingsinstituttet, Jens Christian Holst, var sikker i si sak då han snakka på AqKva konferansen på Stord.
Holst meinar at tilgangen på mat i havet truleg er den viktigaste faktoren som påverkar tilbakevandringa av laks. Dette har til no vore lite utforska og påakta i forvaltninga i Noreg, men er ein av konklusjonane frå det internasjonale Salsea-merge prsojektet. “Dette er noe vi skal ha inn i norsk lakseforvaltning, det er bare et spørsmål om tid”, sa Holst.
Holst forskar og på ein teori om at ein spesiell type aure kan vere årsaka til den store dødelegheita blant utvandrande laksesmolt frå Vosso. Den glupske fisken med “kjevar som ei krokodille”, har både ved analyser av mageinnhold og akustisk merke-testing av utvandrande smolt synt seg å konsumere store mengder fisk på kort tid. Holst nytta innlegget sitt til å be om to millionar kroner frå næring og det offentlege til å utforske denne teorien betre.
Tekst: Øyvind Kråkås