Salmon Group støttar regelen om 200.000 fisk
Salmon Group meinar regelen om maksimalt 200.000 fisk pr. merd kan vere eit klokt tiltak for å avgrense skaden når uhellet er ute.
Nettverket av lokaleigde oppdrettarar, er samla sett landets tredje største oppdrettsaktør. Ingen av oppdrettarane i grupperinga har i dag så store konsentrasjonar av fisk. Det er først og fremst dei store selskapa i Trøndelag som blir påverka av ein slik regel.
Tidlegare har Salmon Group åtvara mot oppkonsentrasjonar av fisk, slik Gullestad-utvalet føreslo i sitt framlegg om produksjonsområde. Den nye grensefastsetjinga tydar på at styresmaktene no innser desse problemstillingane, både når det gjeld rømming og smittepress.
Det som no må skje vidare, er at vi får ei raskare avklaring av nye, eigna lokalitetar, slik at ein kan drive i den forma som det nye regelverket legg opp til.
Tekst: Øyvind Kråkås