Salmon Group med bidrag i Fiskerikandidaten 2011
Ungdomen er framtida også i fiskeri og havbruk. Difor er det svært gledeleg at SG hart fått høve til å bidra med eit stykke i årets utgåve av Fiskerikandidaten, avisa til bachelorstudentane i fiskerifag ved Norges Fiskerihøgskole i Tromsø. Sicelie Troland, med bakgrunn frå Troland Lakseoppdrett, sat i redaksjonen for årets utgåve. Skaff deg eit eksemplar av bladet, eller les vårt bidrag her:
Laksen- raskaste vegen til verda
Oppdrettsnæringa tok sine første steg i norske vikar og fjordar, og baserte seg på kunnskapen folk ved havet hadde om nøter, og kunnskapen folk ved elvane hadde om kultivering. Ut frå dette bygde ein opp det som i dag er ein årleg produksjon på nesten 1 million tonn næringsrik mat. Og det mest fantastiske er at verda etterspør meir og meir laks frå Noreg.
I dag er norsk laks ei merkevare som vert etterspurt over alt kvar du kjem i verda. Og medan laks har vorte ein viktig del av kvardagskosten i Noreg, er han framleis rekna som festmat mange andre stader. Kort sagt kan ein seie at laksen toler å bli teken fram ved dei fleste anledningar. Variantane er uendelege, frå spekelaks, røykelaks og gravlaks, via utallige rettar med steikt og kokt laks, til den rå sushien. For oss er rå fisk enno noko nytt og eksotisk, men i den austlege verda er dette vel etablerte mattradisjonar. Bruken av laks i denne forma, er derimot ei norsk oppfinning. Det var norske utsendingar som fekk japanarane til å byrje med oppdrettslaks til sushibruk. I utgangspunktet var dei skeptiske, fordi den tradisjonelle ville laksen var mager, og plaga med parasittar. Men oppdrettslaksen synte seg å vere ideell til denne typen mat. I dag er sushi med norsk laks ei sjølvfølgje over heile verda.
Om vi ser på laksen sin veg fram mot ferdig måltid i Tokyo, Moskva, New York og Cape Town, finn vi ei effektiv linje frå produsentar, via slakteri og eksportør, til kunden i det aktuelle landet. Noreg har framleis eit rikt utval av aktørar i alle ledd, som er med på å sikre kvalitet, effektivitet og eit konkurranseretta marknadsapparat. Det meste av laksen blir framleis frakta som fersk ut i verda, men moderne fryseteknikkar gjere det mogleg å levere frosen fisk med kvalitet som er like god som fersk. Dette bidrar til ein mest mogleg miljøvenleg transport ut til kundane. Frå før av er laksen mellom dei aller mest klimavenlege ”husdyra” . Produksjonen i sjø føregår ved naturlege havstraumar og sjøtemperaturar, laksen nyttegjere seg ekstremt effektivt av fôret, og ein kan nytte bortimot kvar minste del av fisken.
For den som ynskjer seg ein jobb relatert til norsk laks, er moglegheitene mange og varierte. Ein kan ta fagbrev i akvakultur og jobbe tett på produksjonen i merdane, ein kan bli veterinær og jobbe med fiskehelse, ein kan med ulike utdanningar få ein stilling i forvaltninga, eller ein kan jobbe med foredling, sal, marknadsføring, biologi, kjemi, IT eller administrative oppgåver. For den som ynskjer seg oppgåver utanlands, er der og mange tenkelege stillingar. Norske oppdrettsselskap har aktivitet i Canada, Chile, Skottland og på Færøyane. I tillegg har norske eksportfirma kontor i ei rekke land, og Eksportrådet har utsendingar til mange marknader. Til og med i restaurantleddet er der mange nordmenn som driv godt med norsk laks som råvare ute i den store verda.
Salmon Group AS er eit nettverk av lokaleigde oppdrettsselskap, men også vi opptrer i internasjonale fora. Til dømes har vi eit samarbeid med eit hollandsk selskap om utviklinga av Integrert Akvakultur, eit prosjekt som skal utnytte næringssalt frå lakseproduksjonen til kommersiell oppdrett av tare. Taren skal i sin tur gå til framstilling av høgverdige produkt i den internasjonale marknaden, slik som matvarer, medisin og biodrivstoff. Akkurat som ved utviklinga av lakseoppdrett, samspelar her ulike typar kompetanse om å skape ny næring. Salmon Group har og eit samarbeid med NOFIMA om ein eigen fôrresept. Resepten baserar seg på å utelukkande nytte bærekraftige ressursar som råvarer, og gir ein friskare og meir motstandsdyktig fisk, mellom anna mot tarmsjukdom og påslag av lus.
Tekst: Øyvind Kråkås