Salmon Blog: Kva skal vi våge å ha til middag i dag?
WWF har no kome med ein oppdatert guide til kva sjømat du kan ete med godt samvit. Er det ei god hjelp?
Nordmenn har for lengst lært oss at mattilgangen vår er so god at vi må velje ut frå andre røyster enn den klynkande magen. Vi bør ta omsyn til at maten skal vere produsert på ein miljøvenleg måte. Det er ikkje lett når du sit og myser på eit stykke skjelvande lutefisk å tenkje seg korleis denne må ha opplevd det livet han levde, og om der framleis er nok levande lutefisk der han kom frå. Om han i livet sitt gjerne var til sjenanse for andre artar, er og noko vi burde teke stilling til før vi sa til kelneren at vi var klar til å bestille. WWF tek mål av seg til å gje oss ei enkel innføring i desse problemstillingane, med eit miljøvenleg spisekart.
Sjølvsagt er ikkje lutefisk spesifisert på dette kartet, her konsentrerer ein seg om kva fisken heitte då den var i live, og såleis kan det gjerne vere krevjande å skilje mellom ulike typar i foredla form. Tunfisktypane Albacore og Skipjack kan du ete med godt samvit, det vil seie at Skipjack bør du nok vere litt kritisk til . Gulfinna og blåfinna tunfisk er fy-fy. Torsk frå Barentshavet er berre bra, Nordsjøtorsk og kysttorsk er uaktuelt.
Mykje av det WWF meinar er ok å ete, trur eg neppe far min ville kalle ”ein skikkeleg middag”. Blåskjel, kamskjel og stillehavsøsters er ikkje noko å køyre i seg når ein kjem svolten heim frå arbeid. Sild og hyse vil vel dei fleste gjenkjenne frå sitt eige kosthald, og makrell, men den går du som kjent fort lei av.
Så er det laks og aure frå oppdrett, som dei fleste av våre lesarar vil vere svært opptekne av. Her har WWF gjeve gult lys, men i fylgje organisasjonen sine utdjupingar, skjære det litt over i raudt. ”Spesielt den siste tids rømming illustrerer dette”, seier Karoline Andaur, leiar for havmiljøprogrammet til WWF. Altså ser vi at i den gule kategorien bør du ha oppdateringar fortløpande. Enkelthendingar kan tydeleg dreie på ein heil art sitt innpass i hierarkiet.
Og det er her det byrjar å bli litt komplisert. For medan det er fullt råd å ta innover seg at enkelte bestandar er overbeskatta, er det verre å halde styr på alle tenkelege avvegingar og teoriar om korleis ulike former for fiske og havbruk påverkar miljøet. Og kan verkeleg sjansen for at ein fisk skal rømme og overleve i havet og gå opp i elva og påverke gytinga vere noko forbrukaren skal halde seg informert om, og vekte ut frå talet på hendingar langs kysten?
Og så er det effekten av denne guiden då. For kva vil til dømes skje med Alaska Pollock bestanden om alle bestemmer seg for å ete den, i staden for breiflabb, hai, rokke, kveite (villfanga sør for 62 grader nord), kysttorsk, norsk hummer, scampi/ tropiske reker, steinbit, sverdfisk og marlin, Nordsjøtorsk, blåfinna og gulfinna tunfisk, uer og ål? Er bestanden stor nok til å tole at alle vil ha Pollock, for sitt reine samvits skuld? Og kva om eg får hetta og berre bestiller biff frå USA? Er det eit ok val?
Vill laks og sjøaure er ikkje ein gong med i guiden. Truleg er det fordi fisket etter desse artane ikkje tek utgangspunkt i å skaffe mat på bordet, men berre skaffe glede for han som fiskar dei. Og der kan ein jo ikkje kome med nokon miljømoralsk peikefinger, for ein kan jo ikkje drive og gje folk dårleg samvit for alt heller. So strenge er ikkje ein gong WWF.
Har så guiden nokon verdi? Eg vil rose WWF for å prøve å gje konkrete miljøråd til forbrukaren, men guiden blir likevel ei forenkla framstilling av kompliserte og dynamiske bakanforliggande vurderingar. Difor vil eg plassere WWF sin sjømatguide i gul kategori; Ver kritisk!
Tekst: Øyvind Kråkås