Salmon Blog: Eit samfunn styrt av kjennskap og vennskap?

Når fiskeriministeren oppfordrar havbruksnæringa om å “skaffe seg fleire vener”, vitnar det om ein samfunn som eg knapt kan tru at ho vil gå god for.

Det er i eit romjulsintervju med kyst.no at ministeren kjem med denne oppfordringa. Det byggjer på den lenge hevda påstanden at norsk lakseoppdrett slit med omdømet. No slit jo ministeren med omdømet sjølv. I ei undersøking føre jul, kom ho dårlegast ut av alle ministrane i regjeringa.

No er ikkje eg so opphengd i slike avstemmingar frå gateparlamentet. Underlaget for ytringar og karaktergjeving er svært usikkert. Sannsynlegvis har mange av dei spurte ikkje det minste fjon av kunnskap om fiskeripolitikk. Likevel veit eg kven eg ville framheva av ministrane i Stoltenberg si regjering; Ola Borten Moe.

Ein kan meine kva ein vil om Senterpartiet og deira politikk, men han er ikkje influert av Oslomakta og dei urbant forenkla oppfattingane av korleis ein kan få fram nok straum, pumpe opp olje eller i det heile teke fylle statskassen og gje folk alt dei meinar å ha rett på i ”verdas rikaste land”. Den ferske statsråden Ola Borten Moe har ført den politikken partiet hans lova då dei blei valde. Og han har ført ein politikk ut frå klåre målsetnader om kva samfunn og infrastruktur ein ynskjer, ikkje ut frå kompromiss med teoriprega og fordomsfulle organisasjonar og lobbyistmiljø.

”Oppdrettsnæringa skuldar på andre”, hevdar stadig eit av desse miljøa, WWF. Litt artig er jo denne påstanden, frå ein organisasjon som har det som sin hovudidè å skulde på andre. Heile desse miljøorganisasjonane sin kvardag er jo å peike på dei ein vil skulde på. Det siste nye er at det er ikkje so nøye korleis ein faktisk påverkar miljøet. Det er straffa som er det sentrale hos WWF no. Med straff skal landet byggjast, kunnskapen bak er det ikkje so farleg med.

Kunnskapen står svakt. Den påtroppande toppsjefen i organisasjonen prøver seg med ein kronikk bygd på tal i Fiskeribladet Fiskaren på vetle julaftan. Det går gale. Når kronikken skal spele på viktigheita av rett mengde nullar, er det litt synd at ein skriv tretti milliardar med ni nullar. Der er ti nullar i tretti milliardar, Nina Jensen. 30. 000 000 000 kroner omset norsk laksenæring for i året. Tretti tusen millionar. Kan det vere den same feilen som har fått ho og avtroppande WWF sjef Rasmus Hanson til å tru at ein kan tene pengar på å sleppe laksen fri?

Eg reknar med at det er denne typen vener minister Berg Hansen meiner vi skal innynde oss med. Det er ikkje kunnskap som skal ligge i botnen for politikken, men ein konsensus med urbane pressgrupper. Sjølvsagt ville det vere mest behageleg for ministeren, men er det eigentleg slik vi ynskjer at samfunnet skal vere? Etter mitt syn er det nettopp slikt som verkeleg markerer sentralmakt som eit problem i Noreg. Eit land som hentar det alt vesentlege av sine inntekter frå råvareproduksjon, skal styrast etter urbane tankar, utpønska i Oslo og utprøvde rundt kafèborda, varmt og tørt og langt, langt vekke frå der produksjonen føregår.

Det er mitt håp at Noreg framleis er eit land der hardt arbeid og dyktigheit skal vere premissar ein kan byggje næring på. At det ikkje skal vere avgjerande å ha dei rette venane. Minister Berg Hansen burde skjegle til minister Borten Moe, og legge seg i selen for å styrke kystnæringane gjennom å få på plass brukbare rammer og infrastruktur. Om ho mista/gjekk glipp av nokre vener i Oslo, burde ikkje det spele nokon rolle. Ho ville i alle fall fått langt fleire vener på kysten.

Er vi i manko på vener i norsk oppdrettsnæring? Vel, vi er no for det første 20.000 menneske som jobbar i og med næringa. I tillegg kjem familiemedlemmer som lever på desse inntektene. Dessutan har vi ein marknad som tek unna laks for tretti milliardar kroner i året, 30. 000 000 000 kroner! Det er mange menneske det, som et laks for so mykje pengar. Mange gode vener, som ynskjer oss det beste, og forlangar det beste av oss. Det er vener vi må ta vare på.

Tekst: Øyvind Kråkås