Salmon Blog årsrevy 2011: Året då teori og praksis kolliderte

2011 skulle bli året då ein lanserte store, djuptgripande endringar i norsk havbruksnæring. Gullestad utvalet skulle legge fram sin meisterplan, og produksjonen i den lenge problemforklarte Hardangerfjorden skulle døyvast. Men so hende det noko rart og uventa. Villaksen kom attende, og med det var mykje viktig forsking truga.

Dei har stått på sitt, ekspertane på kvifor der ikkje er like mykje villaks no som då ein kjempa med alle middel for å legge ned kilenotfisket fordi det då ikkje var like mykje villaks som det bestefaren til nokon kunne hugse at det var då han var ung og sint for at der ikkje var meir villaks å få. Den noverande generasjonen har vore sikre på at det var oppdrettsnæringa si skuld. Dei har brukt milliardar av statlege kroner i den trua.

Ein av dei som for eit tiår sidan var mest sikker av alle desse ekspertane, var HI-forskaren Jens Christian Holst. Han meinte lusepåslaga kom til å vere slutten for villaksen, og at det ville vere oppdrettsnæringa sin feil. Så endra han meining, fordi han såg at der var grafar som ikkje stemde overeins. I år trengde ein ikkje å sjå på grafar for å skjøne at der er noko rart med teoriane om lusa som villaksen sin fremste bestandsregulerar; laks som skulle vore daud av lus i 2009, kom att til elvane i hopetal.

300 millionar kroner vert der brukt på villaks forsking kvart år. Nesten utelukkande på kva som skjer i elva, på veg ut frå elva eller på veg opp att i elva. Kva som skjer ute i havet, der laksen lever det meste av livet sitt, har ikkje vore oppfatta som interessant nok. Om det å nemne at litt forsking på havfasen kunne vere eit nyttig supplement til alle dei ressursane som vert lagde ned på elva, utvandring og attende vandring, skulle vere ein provokasjon, so teke eg sjansen. Der finst ikkje akademisk truverd i å tvihalde på ei løysing som heilt tydeleg slår sprekkar.

So har det sjølvsagt falle litt tungt for dei som sat høgst på hesten å kome ned til oss andre og diskutere dette. Kreativiteten til å bortforklare den gode oppgangen har vore påfallande, både hos NINA, DN, fylkesmennene sine miljøvernavdelingar og hos diverse pressgrupper. Når alle desse ”villaksens vener” tek det so tungt at der er framgang for villaksen, kan ein lure på kva som kunne skjedd dersom dette året hadde levert ein nedgang i tilbakevandringa…

Det akademiske hovmodet som har møtt forskarar som Jan Arve Gjøvik, Jan Raa og Jens Christian Holst har vore pinlig og avslørande. Like avslørande som Sunnmørsposten si tendensiøse dekning av den gode attendevandringa i Ørstaelva og Fyrdselva på førsommaren. Då hadde korkje avisa, fylkesmannen si miljøvernavdeling eller Universitetet i Bergen tid til å vente på DNA prov, etter at ein hadde mistrudd skjelprøvane. ”Ei økologisk katastrofe”, vart annonsert, og utryddingsfiske var det einaste håpet. Då svara kom, vart det talande stilt.

Utryddingsfiske av villfisk er og noko fylkesmannen i Hordaland si miljøvernavdeling har sans for. Storelva i Arna sto full i fisk denne sommaren. Noko av laksen var feilvandra, finneklipt fisk frå Vosso, der bergingsaksjonen no syner svært gledelege resultat. No er det slik at ein veit ikkje om der finst nokon original Arna-stamme, fordi elva vart utsett for eit giftutslepp ein del år attende. Men med tilvisning til naturmangfaldslova og støtte frå Direktorat for naturforvaltning, vart det kommandert utfisking. Flott villfisk komen inn frå havet, skulle i hel slåast som eit forureinande objekt. Salmon Group har reagert med eit brev til fylkesmannen. Les heile brevet på nettsidene våre.

I Jens Christian Holst sine modellar kan ein, i motsetnad til hos den offisielle lakseforskinga, finne forklaringa på det gode lakseåret. Det samsvarar med mattilgangen laksen har hatt ute i havet. Ein lekmann ville jo tru det var opplagt at fisken måtte ha noko å ete på om han skulle overleve. Men å nemne dette for dei som verkeleg meinar å vite noko om villaksen, er å ”bortforklare” og stø seg på pseudovitskap.

For var det noko vi lærte av ”villaksens vener” i 2011, var det at vitskap handlar om kven som seier ting, og kva språk det vart sagt på, ikkje kva metode og prov som ligg bak. Og om naturen ikkje oppfører seg slik profetane har sagt, skal dei slett ikkje vere audmjuke. Nei, då må ein berre spisse bodskapen, og skulde alle andre for å øydelegge den gode stemninga som rådde, no når ”alle” var einige. Og slik går no forskingsprosjekta sin gang, alle i same retning, og skattepengane same vegen. Enno godt vi har slike som oppdrettsnæringa, som kan etterfylle kassen.

Tekst: Øyvind Kråkås