Rikt karaktergalleri på Sjømatdagane i januar

NSL sine sjømatdagar på Hell i januar er velkjende for dei fleste i næringa. I år vil lista over føredragshaldarar vere prega av folk som er velkjende i Salmon Group.

Dag 1 på arangementet er felles for alle, og byr på namn som Jan Arve Gjøvik, Kolbjørn Giskeødegård, Lisbeth Berg-Hansen og Dag Lindebjerg. Dag 2 deler deltakarane seg etter sine spesialfelt; oppdrett, kvitfisk eller foredling. På oppdrettsfløyen skal Lars Heine Kåsa frå Lingalaks opne dagen, som leiar av oppdrettsutvalet til NSL. Han leverar stafettpinnen vidare til Johan Magerøy, som vil snakke om den rapporten han utforma for Salmon Group til Gullestad-høyringa.

Også underteikna vil entre podiet denne dagen, og snakke om dei stolte yrkesutøvarane oppdrettarane i Noreg er. Dagen vert avslutta med ein samla bolk der tidlegare sokneprest Einar Gelius får ordet. Det blir spesielt spanande å høyre om han har nye bokprosjekt på gang om oppdrettsnæringa.

Sjømatdagane går av stabelen 17.-18. januar på Hell utanfor Trondheim. Sjå komplett program her:

Komplett program Sjømatdagane 2012

Tekst: Øyvind Kråkås