Rekordstort julebord i Bergen
Fredag 9. desember heldt Salmon Group AS julebord for aksjonærar og tilsette på ærverdige Hotel Norge i Bergen. Med 130 frammøtte opplevde ein ei dobling frå i fjor.
I forkant av julebordet arrangerte ein fagmøte på hotellet. Nytek, moderne kommunikasjon og avtalar ein har oppnådd for gruppa i år var tema under møtet. 40 engasjerte tilhøyrarar var møtte fram på møtet. For å snakke om Nytek forskrifta, hadde ein fått seniorrådgjevar ved Fiskeridirektoratet Tor Arne Helle. Forskrifta i si nye form vil gjelde frå 1. januar 2013.
Selskapet VideoNor presenterte video- og kommunikasjonsløysingar, medan Arild Hagenes leia delen om interne saker. Kvelden vart brukt til julemiddag, dans og generell moro, slik ein ventar seg av eit gagns julebord. Mange av dei frammøtte budde på hotellet, og møttest og til frukost og ein god prat dagen etter.
Salmon Group takkar alle frammøtte for eit hyggeleg samver, og har allereie bestilt lokale for neste års arangement. Neste år vil vi og arrangere julebord i nord.
Tekst: Øyvind Kråkås