Parasittar vil ikkje utrydde verten
“Parasittar er ofte vertsspesifikke, dvs dei kan kun overleve på ein eller eit fåtal artar. Dermed ser Sterud ikkje at parasittane også må vere bærekraftige, dei kan ikkje drepe alle vertane sine utan sjølv å øydelegge matfatet sitt, og går dermed til grunne. Då skjære dei bokstaveleg talt av greina dei sit på, med fatale fylgjer”. Dette seier Erlend Haugarvoll, PhD frå Norges Veterinærhøgskole og dagleg leiar ved Lingalaks AS, som eit tilsvar til Erik Sterud sine åtak på Harald Sægrov sitt arbeid om lus som bestandsregulerande hos villaks.
For at parasittane skal overleve må det derfor vere i berekraftig utvikling med verten sin. Kampen mellom verten sitt parasittforsvar og parasitten sin appetitt, må vere i ballanse. Enkelte svake individ vil dermed kunne bukke under om parasitten får overtaket.
For at villaksen i det heile skal kunne overleve,og dette gjeld også for parasitten, må ein berekraftig populasjon overleve. Dette samspelet har eksistert i millionar av år for villaksen og parasitten, og vil kunne gjere det fortsatt. Slik sett er Sægrov sine funn, om at villaksen ikkje er bestandstruga av lakselus, ikkje spesielt overraskande.
Det er omfattande samlutning blant eit breidt lag av forskarar over fleire kontinent, som Canada, Skottland og no kjem også samstemte data frå Norge. Dette er tunge, breie og omfattande forskarmiljø som peikar på eit heilt gløymt fokus for enkelte miljø. No vonar me eit snevert forskingsmiljø, spesielle interesseorganisasjonar og forvalting tek innover seg den tunge vitenskaplege dokumentasjone angåande gode villaksår, og arbeider for villaksen sine reelle levvevilkår og mattilgong! Skuffelsen over dårlege resultat må ikkje hevnast på aktørar som er velviljuge til å støtte den gode utviklinga villaksen har for tida.
Tekst: Erlend Haugarvoll