Ny rapport tilbakeviser påstandar om næringssalt

Ei ekspertgruppe oppnemnd av Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet har konkludert med at oppdrettsnæringa ikkje har negativ påverknad i form av utslepp av næringssalt.

Påstandane har vore mange dei siste åra om at norsk oppdrett overgjødslar fjordane, men no er altså konklusjonen frå dei oppnemnde ekspertane at der ikkje er registrert forhøga konsentrasjonar av næringssalt som fylgje av oppdrettsverksemd. Bidraget frå dagens matfiskproduksjon verkar for små til å forårsake eutrofiering, heiter det seg i konklusjonen. Ekspertgruppa vart leia av professor Stein Fredriksen frå Universitetet i Oslo.

Forhåpentlegvis vil denne rapporten generelt medføre eit meir nøktern bilete av oppdrettsnæringa sin miljøpåverknad, og spesielt i høve til Hardangerfjorden.

Tekst: Øyvind Kråkås