Møtte Fiskeridepartementet i Engebøsaka
Saman med dei berørte selskapa Flokenes Fiskefarm, Marø Havbruk og Steinvik Fiskefarm, møtte Salmon Group onsdag FKD for å snakke om fjorddeponiet i Førdefjorden.
Det var vel knapt eit menneske utanfor ein radius på to mil som hadde høyrt om den vesle grenda Engebø før selskapet Nordic Mining kasta augene på Engebøfjellet. Fjellet er rikt på mineralet rutil, som mellom anna er fargetilsetning i tannkrem og måling.
Nordic Mining ynskjer å drive dagbrot frå toppen av Engebøfjellet, og dumpe avfallsmassane i fjorden nedanfor. Til saman vil nærare 400 millionar tonn støv og lausmasse gå i fjorden. Eit areal på nesten 3 kvadratkilometer vil bli lagt under fyllinga. Havbruksnæringa i området er svært uroa både for fiskehelsa og omdømet til sjømat frå fjorden dersom denne løysinga skulle bli akseptert av norske styresmakter. Frå før av er der berre nokre få (u)land i verda som tillet deponering av gruveslam i sjø.
Salmon Group har og reagert på den måten KLIF var villege til å selje inn dette tiltaket på møtet FHL Vestnorsk Havbrukslag heldt på Flesland nyleg. KLIF uttrykte der at arbeidsplassar og trongen for mineral på verdsbasis er ein del av deira grunnlag for ei tilråding i saka. Dette stemmer dårleg med KLIF si rolle som faginstans, og indikerer at politiske overtydingar er ein del av deira verktøykasse. Handsaminga havbruksnæringa sjølv har fått i møte med KLIF, får ein til å undrast over desse signala.
Fiskeri- og kystdepartementet vil no jobbe fram eit råd til Miljøverndepartementet, som skal ta avgjerd om korvidt ein skal tillate deponering i fjorden. Frå før har Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet frårådd eit slikt løyve, som fylgje av konsekvensane ein ser for både villfisk og oppdrett i Førdefjorden.
Tekst: Øyvind Kråkås