Integrert Akvakultur på Tekna seminar

Prosjektet Integrert Akvakultur er på veg over i fase 2, og har hausta mange nyttige erfaringar allereie. Desse vil ein dele med andre familjø på ein konferanse i Trondheim 3. januar.

Det er Tekna Havbruk som arrangerer samlinga, der både nasjonal og internasjonal kunnskap blir presentert. Salmon Group inngjekk avtale under Aqua Nor om å kome og halde innlegg. Integrert Akvakultur går ut på å dyrke tare i nærleiken av oppdrettsanlegg. Der er fleire miljø i Noreg som utviklar denne typen verksemd no, men Salmon Group, Sulefisk og Hortimare er blant dei som ligg nærast opp mot ei kommersialisering.

Tekst: Øyvind Kråkås