Dobla fangstane av laks i elvane i Sogn og Fjordane

I 2011 vart det fanga 7053 laks med ei samla vekt på 30,7 tonn i elvane i Sogn og Fjordane.

Dette er nær ei dobling av samla vekt frå året før, då det vart  fanga 18,9 tonn laks frå elvane i fylket. Talet på laks i 2010 var 5838 laks.  Av dei 7053 fiskane som vart tekne på land i 2011, vart 5022 avliva og 2031 sett ut att. Også fangstane av sjøaure tok seg opp målt mot året før.Tala er lanserte av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som tidlegare har varsla at det frå neste år av kan bli aktuelt å opne fiske etter sjøaure i Lærdalselvi.

Les og: “Positiv utvikling for sjøauren kan opne for fiske i Lærdalselvi”

Tekst: Øyvind Kråkås