Tysdag er det synfaring i Førdefjorden
Komande tysdag kjem mellom andre Miljøvernministeren, Klif og Direktorat for Naturforvaltning til Sunnfjord for å sjå Førdefjorden med eigne auge.
Saka om fjorddeponi har nådd departementsnivå. Det planlagde deponiet av avfallsmassar frå eit tiltenkt dagbrot på Engebø i Nautsdal kommune har skapt stort engasjement lokalt. Medan mange lokalpolitikarar har tunnelsyn på nye arbeidsplassar i folkefattige kommunar, er mange av dei som bur der i dag svært skeptiske til denne typen industri. Noreg er eit av svært få land i verda som ikkje har eit forbod mot deponering av gruveavfall i sjø.
Flokenes Fiskefarm AS er eit av oppdrettsselskapa som vert råka av deponiet, og dei er urolege for kva dette kan få å seie både for høvet til å drive oppdrett i fjorden, og inntrykket det vil gje på kundane at fisken skal vokse opp i eit slikt miljø. Ingvar Oslanf frå Flokenes Fiskefarm vil halde eit innlegg på møtet i Nautsdal tysdag. For dei som ikkje har høve til å vere der, vil han og vere tilstades og legge fram saka på FHL Vestnorsk Havbrukslag sitt julemøte i slutten av veka. -Der er mange mineralførekomstar i fjordane våre, og får ein lov å deponere i Førdefjorden, vil ein få lov andre stader og, seier han.
Salmon Group er svært urolege for kva som kan skje med oppdrettsnæringa i Sunnfjord dersom deponiet vert tillate, og er samstundes overraska over at ein ikkje har blitt pålagde å utrede ei løysing med deponi på land. Dessutan verkar den føreslegne løysinga totalt meiningslaus sett i høve til det arbeidet som vart gjort for å etablere Føderfjorden som nasjonal laksefjord. Havforskingsinstituttet har og uttrykt stor uro for kva konsekvensar eit sjødeponi kan ha for torsk og kveite i fjorden.
Tekst: Øyvind Kråkås