Solveig heldt føredrag for NJFF

Fangsttala for villaksen i Sogn og Fjordane syner framgang for 13 av 17 elvar. Sist helg heldt Solveig Willis frå Salmon Group føredrag for nokre av dei skarpaste kritikarane, der ho fortalde om innsatsen oppdrettarane gjere for villaks bestandane.

Ved sidan av å vere kvalitetsleiar i SG, er Solveig leiar for samarbeidet ”Lusalaus”, der ei samla næring jobbar for effektiv nedkjemping av lakselusa. Samarbeidet er eit godt eksempel på korleis oppdrettsnæringa klarar å løfte ilag for ei felles målsetning, og var eit av tiltaka som var tema under føredraget som vart helde i Førde sist laurdag.

Ved sidan av fleire regionale og nasjonale tiltak, jobbar og mange oppdrettarar direkte med elveeigarar for å betre kåra for villaksen. Kompetansen oppdrettarane sit på når det gjeld klekking og smoltproduksjon, er gull verd dersom ein ynskjer eit godt kultiveringsarbeid, og Ola Sveen sitt arbeid står fram som eit strålande eksempel på dette. Ola Sveen har både lang og brei erfaring med oppdrett av laks, like attende til pionertida. Samarbeidet han har med elveeigarar i Sunnfjord, begynne no å syne svært gode resultat.

Andre bidrag som vart framheva, var arbeidet med leppefisk, kurs i arbeid mot rømming og tiltaka gjennom FHL sitt Miljøløftet. Salmon Group er takksame for at NJFF arrangerar slike samlingar der ein kan dele resultata av det arbeidet som er gjort. Mest glade er vi likevel for det gode samarbeidet oppdrettsnæringa no byggjer opp direkte med elveeigarane. Kompetansedeling og felles innsats konkret i elvane, er og vil bli ein nøkkel til suksess for villaksen.

Tekst: Øyvind Kråkås