600 arbeidsplassar står på spel
Etter berekningar frå Sintef vil 600 arbeidsplassar bli borte dersom Hardangerfjordforskrifta vert innført.
Meldingar Salmon Group har fått, har gått ut på at den lenge omtalte forskrifta kan vere like om hjørnet. Det heiter seg at forskrifta skal avgrense den ståande biomassen i fjorden til aldri å overstige 50 000 tonn, men berekningar syner at det reelt sett då ikkje vil vere mogleg å ha meir enn 35 ooo tonn ståande i Hardangerfjordsystemet. Dette vil råke slakteri og foredlingsverksemder i Hardanger spesielt hardt, då desse får for dårleg og ujamn råstofftilgang.
Ein reknar med at 200 arbeidsplassar vil stå på spel berre i slakteri og foredling, og at ytterlegare 400 vil bli råka i tilknytta verksemder. Hardanger Fiskeforedling vil åleine måtte seie opp 30 tilsette. Salmon Group har tidlegare gått ut og kalla dette symbolpolitikk av verste merke. Hardanger vert no ofra i eit politisk markeringsbehov.
Les og: http://salmongroup.no/aktuelt/2011/10/svik/
Tekst: Øyvind Kråkås