Salmon Group på NRK Sogn og Fjordane

NRK Sogn og Fjordane hadde eit innslag om Gullestad-rapporten i morgonsendinga den 28. november. Nils Inge Hitland og Elin Tveit Sveen vart intervjua om konsekvensane forslaga om produksjonsområde kan få om dei blir ein realitet.

Gullestad rapporten hadde forlenga høyringsfrist til i september i år, og over 60 høyringsuttalar kom inn til Fiskeri- og kystdepartementet. Salmon Group leverte eigen uttale, samt at vi hyra konsulent Johan Magerøy til å gjere eit arbeid kring dei konsekvensane dette vil kunne få for lokaleigd sjømatnæring; matfiskoppdrett, settefiskoppdrett, eksportør og slakteritenester. Denne vart levert som eit sjølvstendig svar til departementet.

Etter at fristen gjekk ut, har det vorte uttalt frå departementet at der ikkje vil kome ei eiga forskrift ut av dei forslaga som utvalet leverte. Men arbeidet vil vere ein del av grunnlaget for stortingsmedlinga om havbruksnæringa som no er under arbeid, og som er venta ferdig ved årsskiftet 2012/2013.

http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/807389/   Fylg linken for å høyre innslaget, som kjem 42 minutt og 50 sekund ut i sendinga.

Les Salmon Group sin høyringsuttale her:  http://salmongroup.no/aktuelt/2011/08/hoyringssvar-til-gullestad/

Tekst: Øyvind Kråkås