Salmon Blog: Ein god latter forvrengjer livet
Kvar sundag i haust har vi kunne fylgje Dag Lindebjerg sin kystturnè på NRK. Han har humra og smatta seg i raskt tempo nedetter landet som vi kjenner så godt. Det har vore koselege program, og tidvis også interessante. Men Lindebjerg sine utfall, gjengjevne i Fiskeribladet Fiskaren sist veke, kan tyde på at det kanskje gjekk litt for fort undervegs for programskaparen frå Bergen.
Det er litt vanskeleg å skjøne kvar han eigentleg vil hen med kritikken sin. ”Slutt å skylde på andre”, seier han. Og eg tenkjer straks at den strofa passa nok langt betre i den tid han var umiskjenneleg referent frå Brann Stadion. Eg får ikkje med meg gjennom det avisa skriv, korleis oppdrettsnæringa har skulda på andre. Er det når vi har påpeika at kritikk som er framsett i media har vore blank løgn og skremsel? Var det når det blei dokumentert at ikkje kompetente kjelder fekk fri mikrofon i beste sendetid for å sverte næringa at vi var ugreie? Kva skulle ein ha gjort, journalist Lindebjerg? Skulle vi berre lukka augo og prøvd å le det bort?
Kritikken frå Lindebjerg er ukvalifisert både i retning og form. Han snakkar om at ein må ”være like forsiktig med nøtene som med polposene”. Kvar vil han hen med det? Vil han stille seg saman med Rasmus Hansson i køa av kverulantar som hevdar at oppdrettarane ”lar fisk rømme”? Er det noko Lindebjerg har sett på sin veg langs kysten? Eller har han berre ikkje hatt tid til å spørje ein av oppdrettarane han møtte om dette er ein idè som kan ha noko som helst føre seg? Dette ville han kunne få eit enkelt og eintydig svar på. Og so kunne han gå attende til Rasmus Hansson og spørje om når denne har tenkt å legge fram reknestykket som syner at det svarar seg å la fisk rømme framfor å behalde han til slakting.
Sjølv føler eg meg ikkje så reint lite skuffa over Lindebjerg og det nivået han legg seg på. Eg trudde verkeleg han hadde sett nok til å innsjå at kysten treng meir enn trebåtfestivalar og gamle færingar for å halde liv i ein busetnad heile året gjennom. Lindebjerg har jo snakka med mange på sin veg som kunne ha lært han eit og anna om oppdrettsnæringa, og for den del historia om villaks forvaltninga. Kva med å legge inn litt kritisk journalistikk, mellom alle dei fantastiske måltida og den glade klukkinga om kapp med gamle båtmotorar? Kva med å seie noko viktig og kunnig om kysten si utvikling, omstillinga frå sjølvberging til kapitalkrevjande næring, og motstanden ein ofte møter hos styresmakter med ei urban og skeptisk holdning til alt som kan skape verdiar heilt uavhengig av dei store byane? Kva med å sjå samanhengen mellom at vi har sterke kystnæringar og at det faktisk er mogleg å leve moderne liv på kysten i dag? Kva med å skrape seg ørlite forbi romantikken om gamle skøyter og to sauer og ei ku, og heller syne identiteten til den nyskapande, satsingsvillege og hardarbeidande kystbefolkninga anno 2011?
Så er det sikkert ikkje det som er Lindebjerg sitt prosjekt. Han vil lage eit familievenleg program om eit ferieparadis som strekke seg frå russergrensa i nordaust til svenskegrensa i søraust, der det er fersk fisk til middag kvar dag, der fritida går med til å skru på gamle båtmotorar og alt folk jobbar med er so rart at du aldri ville tru det gjekk an utan støtte frå staten. Tidlegare har Lindebjerg levert program som har synt oss livet om bord på moderne fiskefarty, vi har lært om trygge, interessante og lønsame arbeidsplassar, vi har lært om effektiv utnytting av ressursar og god kvalitet på den fangsten ein leverar. Det er synd at ikkje Lindebjerg kunne gjort berre eit kvarter av det same arbeidet for å syne oppdrettsnæringa sin verkelege kvardag. Han har jo besøkt stader og møtt folk som med stor velvilje og entusiasme kunne ha synt han dette. Er det bortklypt, eller blei det berre ikkje tid til det mellom festmåltida? Lukka Lindebjerg augo og klukka, når han hadde sjansen til å sjå kva oppdrettsnæringa driv med?
Når han vel å ikkje gjere det, er det for so vidt ok. Men då skulle han berre latt vere å buse fram med fordomane sine i kysten si eiga avis, midt i glaninga på folk som straks kjenner han att som berre nok ein verdsmeister frå Bergen, full av gode råd til andre, som slett ikkje var klar over at dei trengte råd frå ein so ukunnig kant. So har der alt blitt gått til rette med Lindebjerg sin kritikk, med argument om at so dårleg tru kan no folk ikkje ha til næringa, sidan konsumet av laks stadig vert større. At eit slikt poeng ikkje har fått plass i NRK-serien, seier litt om kva ambisjonar ein har hatt, eller snarare ikkje hatt. Ei næring som i løpet av nokre tiår har kjempa seg fram til å levere halvedelen av sjømateksporten vår, målt i kroneverdi, har berre harme å hente frå ”kystvennen” Lindebjerg. 20 000 arbeidsplassar på kysten, berre med folk som kjemmer seg ut med alt dei held på med?
Nivået på Lindebjerg sin kritikk, føyer seg inn under streken for kva det er grunn for å henge seg opp i. Han treff ikkje nokon spiker i det heile teke, men mest seg sjølv i kneet. Når ein no skal kåre Årets Namn på kysten, trur eg ikkje det vert Lindebjerg denne gongen. Utspelet hans kvalifiserar snarare til baksidespalten ”plukkfisk”. Lindebjerg vil sjølv trenge å tenkje på sitt omdøme etter desse umotiverte og overflatiske utbrota. Han har alle moglegheiter til å bøte på skaden. Først og fremst ved å lage eit program som syner det verkelege livet på kysten, som forklarar kvifor vi kan sende så mykje pengar til Oslo kvart år. Der må kunne finnast teikn til liv som plasserar seg mellom evig klukking og smatting i fjernsynsprogramma, og det uansvarlege, sjølvopptekne og kyniske biletet Lindebjerg teikna av oppdrettsnæringa denne veka. Det er der, på den nøkterne middelvegen, du finn det daglege livet på kysten, Lindebjerg. Anten du likar det eller ikkje.
Tekst: Øyvind Kråkås