Salmon Blog: Alle har eit ansvar for villaksen
2011 har vore eit svært positivt år for villaksen, fordi den generelle trenden har vore langt større mengder av tilbakevandrande fisk i elvane. Mange har gjort mykje for å bøte på menneskelege inngrep i naturen, og dette vil bli viktig og framover. Men det viktigaste bidraget villaksen kan få i 2012, er at den akademiske prestisjen vert dempa til fordel for ynskje om best mogleg resultat.
Alle vil ha æra for ein suksess, og ingen vil ha skulda for fiasko. Slik er kampen om ansvaret alltid vekslande mellom å grave til seg og å skubbe frå seg. Mange har fått mykje skuld tildelt for at villaksen har hatt ei negativ bestandsutvikling i norske elvar. Kraftselskap, oppdrettarar, bønder, vegbyggjarar og fiskarar er alle aktørar som i ulikt omfang og til ulike tider har fått mykje kritikk mot seg for si rolle i dei dårlege tidene.
Når ein no ser eit positivt skifte, ville vel nokre tru at dette kunne vere med og slakke på løkka rundt halsen til desse skuldige, men so enkelt er det ikkje. Det er forvaltninga og fagmiljøa som sit med makta over kva som er suksess og fiasko, og kven som er helt eller skurk. Dette er ei makt som vert forvalta ganske utan ansvar. Mislukka tiltak er ”gode forsøk”, vellukka tiltak er deira eigedom. Kritikk mot desse miljøa er ”bortforklaringar” eller ”ein trussel mot det viktige arbeidet som vert gjort”. Den akademiske makta er både sjølvsikker og hårsår.
Havforskar Jens Christian Holst prøver å vere ein brubyggjar i så måte. Han er akademikar så god som nokon; han har vore med og jaga oppdrettsnæringa med teorien om at lusa er den store syndaren, men med forsiktig forskarspråk ymtar han no om at ein truleg må lenger til havs for å finne den store forklaringa. I sitt arbeid for Havforskingsinstituttet meinar han å ha påvist at villaksen sin tilbakegang, er del av eit større skifte i økosystemet. Laksen innteke dei fleste av livets måltid ute i havet, og tilgangen på føde der er truleg vesentleg i forståinga av bestandane si regulering, meinar Holst.
Det Holst vil, er slett ikkje at ein skal kaste alt ein har i hendene og falde desse i bøn om at endringar ute i havet skal skaffe kokande elvar. Akademisk og audmjukt ber han om at ein tek litt meir av dei 300 millionane det offentlege årleg brukar på villaks forsking, og brukar det på å finne ut meir om desse problemstillingane. I dag er nesten all forsking knytt til elv, fjord og kyst. Men mestedelen av eit vellukka lakseliv føregår faktisk ute i storhavet.
Blant alle som verkeleg ynskjer at ein skal lære mest mogleg om villaksen, vert dette motteke som spanande vitskap. Så kan ein verte litt overraska over dei lunkne reaksjonane frå dei som til dagen meinar å vite best om laksen sitt liv. Dei innteke ein posisjon som om desse ideane skulle vere kjetterske i forhold til deira katolske overtyding kva gjeld lus, rømming og oppdrettsnæring. Kven har gagn av ei slik tilnærming, anna enn dei same forskarane og deira pågåande prosjektprogram?
Alle dei alminnelege mistenkte for villkasen sine uår, har teke på seg eit stort ansvar, og dette på trass av ein temmeleg ublid medfart frå både vitskapleg og høgst uvitskapleg hald. Når Holst no audmjukt ber om hjelp til å få utforska desse heilt retningsendrande teoriane på ein systematisk måte, må det vere lov å forvente at dei rådande forskings- og forvaltningsmiljøa stiller seg støttande til dette. Dei fleste har vant seg til tanken på at det vil koste tid, pengar, prøving og feiling å finne god og sikker kunnskap om korleis vi best mogleg kan ta vårt nasjonale ansvar for villaksen. No bør ein snarast venne seg til tanken på at det og vil koste ein god slump akademisk prestisje.
Tekst: Øyvind Kråkås