Miljøverndepartementet kan stoppa lukka produksjon

Medan hobbyfiskarar har ropt om eit påbod om lukka anlegg lenge, er Miljøverndepartementet no skeptiske til å opne opp for større fisk på land.

Ein regelendring for å tillate kilos fisk i kar på land, er på høyring. Argumentet er at ein vil få ein kortare sjøfase, og fisk som er sterkare for å tole overgangen til havet. Miljøverndepartementet er skeptiske til endringa:

“Miljøkonsekvensene og den samlede belastninga er etter vår vurdering uklare både ved den enkelte anlegg og trolig også for større geografiske områder”, seier departementet. Dette beviser to ting som SG har sagt lenge:

1 Det er ikkje oppdrettsnæringa som har hindra teknologiutvikling for lukka anlegg.

2 Dette spørsmålet er ikkje so ukomplisert som miljøorganisasjonar, TV2 journalistar og hobbyfiskarar trur.

Tekst: Øyvind Kråkås