Meinar lakselus ikkje regulerar villaks bestandar
- Dersom det hadde vore slik at lakselus har ein bestandsregulerande effekt på vill laksesmolt, så hadde vi sett dette ved å samanlikne smolt i områder med lakseoppdrett, med smolt i områder som ikkje har oppdrett, seier Harald Sægrov i Rådgivende Biologar.
Det er kyst.no som formidlar dette i dag. Sægrov heldt innlegg på NJFF si samling i Førde sist helg, der og Solveig Willis frå Salmon Group var blant føredragshaldarane. Sægrov har mellom anna samanlikna laksesmolten frå elvar på Vestlandet som munnar ut i fjordar med fiskeoppdrett med smolt frå elvar på Sørlandet som ikkje møter oppdrettslokalitetar på tur ut til havet, utan at ein kan påvise ein forskjell i overleving.
I åra før 1998 kunne det sjå ut som det var ei ekstraordinær dødelegheit påverka av lakselus i nokre elvar i Sogn og Fjordane, men etter den tid trur han ikkje lakselus har medført påviseleg bestandsreduksjon av villaksen i desse elvane. Også irske undersøkingar syner det same. Det ein seier er altså ikkje at lus ikkje er skadeleg og jamvel dødeleg for laks, men at dette ikkje er eit stort nok problem til at det påverkar bestandane som heilskap. For å forklare dei store endringane, bør ein altså sjå etter andre mekanismar.
Les heile artikkelen på; kyst.no
Tekst: Øyvind Kråkås