Lindebjerg modererte kritikken på FHL møte
Dag Lindebjerg fekk i forrige veke kystfolket til å setje kaffien i halsen, då han gjekk hardt ut mot oppdrettsnæringa si problemhandtering. Torsdag var han igjen i oppdrettarane sitt synsfelt, denne gongen i løva si eiga hole; julemøtet til FHL Vestnorsk Havbrukslag.
Og denne gongen var det ein meir moderat og nyansert NRK-kjendis som snakka. Lindebjerg fortalte om opplevingar han hadde hatt under filminga av serien som har gått på fjernsynet i haust. Han framheva og trongen for å opplyse innlandet om kva vi jobbar med på kysten, noko det sjølvsagt er lett å vere einig i. Ideane om korleis ein skulle unngå rømming, var ikkje ein del av reportoiret denne kvelden.
Det er tydeleg at møte med oppdrettarar langsmed kysten har gjort eit stort inntrykk på Lindebjerg, og heilt umerka kom han nok heller ikkje frå talen som SG styreformann Jostein Kråkås heldt etter innlegget hans. Der framheva oppdrettaren kor viktig det har vore at Lindebjerg har valt å syne fram den romslegheita som eksisterar hos kystfolket.
Tekst: Øyvind Kråkås