Salmon Blog: Kva er rolla til sportsfiskarlaga?

Dei to sportsfiskarlaga Norske Lakseelver og Norges Jeger- og Fiskerforbund engasjerer seg hardt for å legge ned sjømatnæring i Hardanger. Men kva for interesser representerer dei eigentleg?

Om dei var miljøorganisasjonar ville ein jo tru at dei ville gå vekk frå sin hovudsyssel; å drepe fisk som har kome seg heile den lange vegen opp i elva for å gyte. Uni Miljø og Bjørn Barlaup sidestiller til dømes Vossolaksen med bengalsk tiger og afrikansk elefant, og seier vi som nasjon har eit tilsvarande ansvar for å bevare arten sin eksistens. Det er ikkje lett å førstille seg at organisasjonar som dreiv propaganda for jakt på drektig tiger og elefant skulle oppnå nokon tillit i arbeidet for å bevare desse artane…

Om dei var næringsorganisasjonar, er det rart at dei underslår at dei fremste næringsinteressene knytta til villaks, var dei som fanga han med garn og nøter i sjøen. Her vart laksen dessutan forvalta som ein matressurs, og ikkje berre som ei fritidsinteresse for folk med nok tid og pengar. Det er ingen tvil om at sportsfiskarane var med og underslo rettane kystfolket hadde, og på denne måten alt har øydelagt inntektsgrunnlaget til mange gardar og familiar på kysten og i fjordane. For desse vart det plent å omstille seg. Nokre omstilte seg til lakseoppdrett.

Argumenta om turisme og verdiskaping i bygdene fell gjennom i denne samanhengen, fordi potensialet heilt opplagt er mykje mindre enn det er hos sjømatnæringa. Ein må dessutan stille spørsmål ved om der kan vere grunnlag for å drive kommesiell utnytting av elvelaksen på mange, mange år framover, dersom han er i ei so medteken forfatning som desse organisasjonane har hevda…

Min konklusjon er at dette er hobbyklubbar som prøver å fortrengje viktig kystnæring (nok ein gong). Deira legitimitet er å samanlikne med om ein fekk golfklubbar som dreiv aggressiv lobby mot landbruket, for å underslå landbruksareal til bruk som golfbaner. Om dei verkeleg vil beskytte villaksen, kan dei starte med å legge vekk fiskestonga. Om dei vil hjelpe turismen, må dei vel, som dei fleste andre turistar, kunne feriere utan å drepe laks?

Tekst: Øyvind Kråkås