KrF ber norske oppdrettarar sjå til Kina

I etterkant av øydeleggingane uværet “Berit” har gjort for oppdrettsnæringa, rykkjer politikar Rigmor Andersen Eide (KrF) i dag ut og krev drastiske endringar i vala av teknologi.

“Regjeringen må fremme en plan for overgang til lukkede sjøanlegg. I Canada og Kina er lukkede anlegg allerede i drift. Dette bidrar til mindre rømming og sykdoms- og parasittspredning”, seier ho på partiet sine heimesider. Politikaren seier ikkje noko om kva manglar ho ser i den nye Nytek forskrifta som enno ikkje har fått tid til å tre i kraft, men ho meinar at doble nøter, sterilisert laks og lukka anlegg alt saman er tiltak som må vurderast.

Om desse tiltaka skal vurderast opp mot einannan, eller alt på ein gong, framgår ikkje tydeleg. Salmon Group avventar dei siste luse- og rømmingstala frå Kina før vi kommenterar saka ytterlegare.

Tekst: Øyvind Kråkås