Salmon Blog: I solskin er alle fjordar blå

Miljøvernminister Erik Solheim gjekk opp på ein sandhaug og snakka til folket i Sunnfjord; “Der fins hundrevis av måter å spørre på, men svaret vil uansett bli at der ikke blir tatt noen beslutning her i dag”, forkynte han. Lat oss berre håpe at det ikkje betyr at beslutninga er teken for lenge sidan…

Før sjølve synfaringa hadde toppbyråkratar, kommunepolitikarar, næringsinteresser, aksjonistar og journalistar tilbrakt to timar i eit novemberkaldt ungdomshus i Naustdal. Der hadde det blitt kjent at fjorddeponiet ved Engebø er eit av dei best utreda prosjekta i Noreg. At berre Havforskningsinstituttet hadde nokon innvendingar, men i denne saka var dei å rekne for kunnskapslause amatørar. Det var enno to dagar til KLIF skulle halde eit innlegg på FHL sitt julemøte og forklare at i enkelte saker må arbeidsplassar vere eit omsyn når dei skal behandle ei ureiningssak.

Kommunane Askvoll og Naustdal, har for lengst sagt sitt tydelege ja. Der skal bli jobb til nokre hundre menneske som ein ikkje veit kvar ein skal få tak i. Kapitalinteresser ein ikkje veit kvar kjem frå skal gjere seg rike på det heile.”Dette er ikkje et deponi, det er en avfallsplass”, sa HI. Men det var enno to dagar til KLIF skulle seie; ”man kan alltids være mot gruvedrift, men verden trenger mineraler”.

Fjorden som er Nasjonal Laksefjord, skal få eit 150 meter høgt sandtak under vatnet. Bekymringa for krepsdyr er ikkje relevant for denne saka, for dei vil forsvinne i støvet på ein augneblink. Der skal brukast kjemikaliar som vi kjenner frå det godt utreda prosjektet Gardermobana. Men ingen ville snakke om det. For Trond Giske hadde alt sagt at der er god plass i norske fjordar.

Der var noko urovekkande sedat og samstemt over den rekordstore troppen av byråkratar som hadde fylgt miljøvernministeren til Sunnfjord. Dei helste pent, smilte høflig. Nei, eg meiner ikkje først og fremst til den urolege lokalbefolkninga, men mest til forskarane og utredarane som dei var komne heilt til Naustdal for å spørje ut. Dei lurte på lite, for å ha kome så langt for eit så omfattande ureiningsprosjekt.

Det kunne lett tolkast som noko profetisk, der Solheim inntok sandhaugen på Engebø og tala til folket. ”Vår Herre har hjelpt oss med været”, hadde han sagt under opningsinnlegget i ungdomshuset. Kunne denne sjeldne truvedkjenninga frå so langt på venstresida, vere eit hint om kven vi må sette liten til når det kjem til deponiet sine kvalitetar?

Det var i alle fall ein stor kontrast mellom denne Solheim, og den som seier at norsk oppdrettsnæring må slutte å kome med påskot, og lære av industrien når det gjeld å halde orden på ureininga si. Kanskje kom ikkje Solheim til Førdefjorden for å legge grunnlaget for ein politisk siger. Kanskje kom han heller for å dekke over eit politisk tap. For nokon i regjeringa har lova arbeidsplassar til vestlandet, og sagt at der er god plass i fjordane. Og to dagar seinare sto KLIF og selde gruveindustrien si sak på FHL møtet.

Tekst: Øyvind Kråkås