Fornuften får ein ny sjanse i Hardanger

Etter at det har vorte synleg for alle og einkvar kor viktig laksenæringa er i Hardanger, har fiskeriminister Lisbeth Berg Hansen sendt ut pressemelding om at regjeringa vil arbeide gjennom forskrifta for ein ny høyringsrunde.

Salmon Group er glade for at fornuften får ein ny sjanse, og at regjeringa no tek innover seg kor mykje laksenæringa har å seie for busetnaden i regionen. At 600 arbeidsplassar skulle setjast i spel, vart som venteleg i stridaste laget for departementet å ta på sine skuldrar. “Det er viktig for meg at tiltaket går minst mulig grad går utover arbeidsplassene i regionen”, seier fiskeriministeren i ei pressemelding.

Håpet er no at denne synleggjeringa og skal gje perspektiv i andre saker der havbruksnæringa vert forsøkt bygd ned. Samstundes er det viktig å merke seg at dette skjer som fylgje av at politikarane tek til fornuft, ikkje fordi forvaltninga bøyer av som fylgje av paradoksa som er avdekka i det rådande paradigmet. Vi ventar enno på forklaring på kvifor Uskedalselva kan setje rekord i tilbakevandring nettopp i år.

Tekst: Øyvind Kråkås