Fiskeriministeren på veg inn i ein “gresk situasjon”?

Dersom Fiskeri- og kystministeren meinar Hardangerfjordforskrifta er det som må til for å framleis ha oppdrett i området, har ho hamna i ein ”gresk situasjon”. Dette er ei løysing som største delen av næringa i Hardanger og nærområda vil leve so dårleg med, at dei neppe kan ha nokon tillit til sitjande minister etter den dagen.

Det er vesentleg at alle i Fiskeri- og kystdepartementet, og for den del andre departement, forstår at havbruk ikkje er ei næring ein kan strekke og tøye slik ein vil. Næringa har skapt hittil trygge arbeidsplassar i område der mangel på arbeidskraft og andre distrikstutfordingar står i kø. På same tid har ein vunne ein plass i ein verdsmarknad full av økonomiske og politiske hindringar. Å begynne å eksperimentere med slike inngrep, til overmål i ein periode med usikker verdsøkonomi og lakseprisar under produksjonskostnad, vil kunne vere det som diskvalifiserar norsk laksenæring som ei verdsdominerande framtidsnæring.

Å setje 600 arbeidsplassar på spel, og ”ta ut” ein av dei sterkaste regionane for norsk lakseproduksjon, framstår som eit desperat alternativ. Kva som skulle drive fram ei so desperat handling i eit år då villaksen tydeleg har styrka bestandane, verkar mildt sagt underleg.

Tekst: Øyvind Kråkås