“Villaksen er utryddet i Hordaland”

Salmon Group sin glede over ein god villakssesong, vert imøtegått i gårsdagens BT. Der er ikkje lenger nokon villaks i Hordaland, hevdar ein innsender.

Påstanden i innlegget er at all villaks i fylket er genetisk påverka av oppdrettslaks. Implisitt er denne verdilaus. Laks som vert sett ut, slik som i Vossoprosjektet, vert “utryddet”, som fylgje av dette. Likevel ser innsendaren ein verdi av lukka anlegg. Truleg må det vere for å setje ut “villaks” i, slik at denne vert beskytta mot all oppdrettslaksen som er laus i hav og elvar.

Salmon Group merkar seg dette synet, og vil gjerne høyre meir frå innsendaren og andre om kva ein skal gjere med dette problemet. Truleg vil jo eit utryddingsfiske av all laks i hav og elvar vere påkravd, før det eventuelt skal ha noko føre seg å starte med rømmingssikre lukka anlegg og utsett av smolt basert på genbanken.

Tekst: Øyvind Kråkås