Vil verne om stamme ein ikkje veit om eksisterar
Under eit møte i Arna i førre veke, sa ein utsending frå fylkesmannen si miljøvernavdeling at dei ville ha utfisking av feilvandra Vossolaks frå Storeelva som går gjennom Arna. Dette er eit føre var tiltak for å beskytte den lokale Arna-stammen. Men om denne framleis eksisterar, etter forgifting av elva og kultivering med Vossolaks, er høgst usikkert.
Då eit giftutslepp rydda ut laksen i Storelva, bygde ein opp att ein stamme basert på Dale- og Vossolaks. Når ein no, til liks med ei fantastisk tilbakevandring til elva, opplever ei viss feilvandring frå den sterk tilbakevendande Vossolaksen, ser ein derimot denne som ein trussel mot elva. Meir føre var går det vel ikkje an å bli, enn å tømme ei elv for ein type villaks for å verne ein stamme som ingen har fastslått at eksisterar. Der føreligge heller ingen plan om å få verifisert korvidt der enno er restar etter ein original Arna-stamme.
Tekst: Øyvind Kråkås