Tid for eit tilbakeblikk
Etter ein sommar med god oppgang av villaks, og rekordfangstar mellom anna i Uskedalselva, kan det vere interessant å sjå på ting som blei uttalt tidlegare i år…
I Bergens Tidende var der så seint som 30. mars ein artikkel med namnet “Spår døden for villaks”:
http://www.bt.no/nyheter/okonomi/Spr-dden-for-villaks-2479325.html
Her kan ein mellom anna lese at Direktorat for Naturforvaltning sa:
«En har i lengre tid sett at en så høy produksjon i oppdrettsnæringen som de 50.000 tonn det legges opp til vil føre til at de fleste ville stammene av anadrom fisk (laks og sjøaure, red.merk) i Hardangerfjorden vil kunne gå tapt, og at det fremdeles ikke vil være grunnlag for fiske, verken i sjøen eller vassdragene. Om en vil sikre disse stammene og legge grunnlaget for et fiske, rekreasjon og næringsutvikling, må etter vår vurdering produksjonen reduseres betydelig inntil en har funnet bedre metoder for å få kontroll med lakselus og rømming.»
Vi legg her merke til at det å berge stammane går hand i hand med det brennande ynskjet om å få fiske på dei i elvane. Det ville og vere interessant å høyre kor mange kroner styresmaktene meinar at oppdrettsnæringa skal bruke for kvar krone i omsetnad frå fisketurismen. Samanblandinga av naturvern og fiskelyst, samt elveeigarane sine krav om inntekter frå nasjonalarven, gjere biletet uklårt i høve til investeringar som oppdrettsnæringa blir pålagde, og bærekraftsmåla ein set seg for bestandane av vill fisk.
Salmon Group meinar at dersom ein bestand verkeleg er truga, må fangst og næring knytt til dette vere underordna målet om reproduksjon. Ingen andre truga bestandar blir forvaltna med omsyn til verdiskaping i fangstleddet, det vere seg ulv, bjørn eller havørn. Dersom ein har mål om lokal verdiskaping av fisketurisme, reknar ein med at den lokale bestanden ikkje er truga, og potensialet økonomisk bør såleis målast opp mot dei kostnadane ein pålegg oppdrettsnæringa.
Mest av alt ville det likevel vere å høyre DN sine forklaringar på kven som er å takke for at det gjekk heilt anleis enn dei føresåg, denne laksesommaren.
Tekst: Øyvind Kråkås