Salmon Blog: Svik, løgner og ansvarsfråskriving

Hausten 2011 rommar ei rekke paradoks for dei som er interesserte i laks. Ein del rådande oppfattingar er sett under press. Forskarar og forvaltning prøver tilsynelatande å oversjå dette så lenge det går. Og i mellomtida vil dei drive sine idear forbi punktet der ein enno kan gjere retrett. Dette er eit politisk og akademisk svik, mot villaksen, oppdrettsnæringa og fleire titals tusen arbeidsplassar.

Alle kurver for laksen i elvane har vorte teikna nedover. For mykje lus og for mykje rømming skulle ha rydda ut generasjonar av utvandrande smolt og ha gjort elvane ute av stand til å reprodusere. Så kom laksen attende, til liks med mykje mat i havet og god vassføring i elvane. Laks som skulle vore død som smolt, i fylgje forskarane, kom att som flott gyteklar fisk frå havet.

Dei ”viktigaste” forskarane har ikkje villa brukt tid på å forklare dette paradokset, som er langt utanfor deira svært så sikre kunnskap om lus og overleving. Dei ville heller tåkeprate om at kanskje kunne rømt laks ha vore so lenge på rømmen at han heilt var kamuflert frå sine typiske trekk som gjere han lett å plukke ut blant villaksen som tilbakevandrar. I staden for å gle seg over ein sunn natur, laga ein heller eit søkt, oppkonstruert problemscenario. Skuffande og dumt.

I elvane ser det dertil ut til at fiskarane har innkassert villaksen sin attendekomst og evne til reproduksjon. I ein del elvar søkjer ein no om å utvide sesongen, fordi ein meinar at bestanden toler ei hardare beskatning. Samstundes lanserer forvaltninga nye restriksjonar mot oppdrettsnæringa i ekspressfart, som om dei faktisk visste kva dei held på med. Heile fylke bli foreslått brakklagde samstundes, Hardangerfjordforskrifta skal hastast fram bakvegen og ei oppdatert bærekraftsvurdering ut frå ei hjelpelaus og ubrukeleg bærekraftmelding vert lansert.

Det kan nesten virke som om ein vil handle før det er for seint. For seint for forskarar sine løgner om kunnskap som er iferd med å bli totalt gjort til skamme. For seint for miljøvernministeren til å bruke havbruksnæringa som syndebukk medan månelandinga feilar og klimamåla er bak alle haugar. For seint for urbane sportsfiskarinteresser som har hatt til hensikt å presse både oppdrettsnæringa og offentlege forskingsbudsjett for pengar. Berre ein var det ikkje for seint for likevel; villaksen. Og berre ikkje hans ”vener” i elva drep all gytefisken, så kjem han att til neste år og.

Øyvind Kråkås