Sikrar vassforsyning, tek vare på landskapet

Barlindbotn Settefisk har investert 5-6 millionar kroner i eit borehol som skal sikre vassforsyninga til verksemda. -Det er dyre dropar, men vi vel denne løysinga for å sikre god vassforsyning utan unødige naturinngrep, seier medeigar Dagfinn Ellingsund.

Den eksisterande vassforsyninga har påført Barlindbotn Settefisk ein del avbrot i tilførsla, noko som fort kan få alvorlege følgjer for fisken i kara. For tida har dei om lag 3 millionar fisk gåande i anlegget. Ved hjelp av eit 330 meter langt borehol vil dei snart kunne hente vatn frå 5 meters djup i Jagedalsvatnet. Verksemda har og investert i ein vaksineringsautomat med kapasitet på 100.000 fisk i døgnet. “Det er eit godt døme på miljøtiltak som også sikrar fiskehelsa”, seier dagleg leiar Reidar Haugen til avisa Firda.

Kjelde: Firda, måndag 3. oktober