Salmon Group har gjestekommentar i Norsk Sjømat
Salmon Group vart inviterte til å levere gjestekommentar under vignetten “Rett fra rogna” i Norsk Sjømat nummer 5. Bladet som vert utgjeve av Norske Sjømatbedrifters Landsforening, er nett kome ut til lesarane. Kommentaren handlar om Gullestad-utvalet sitt framlegg, og om du ikkje har tilgang til magasinet, kan du lese kommentaren her:
Gullestad-rapporten; når dei som veit best, veit for lite
Utvalet som skulle legge premissar for framtidig arealtilgang for havbruk, har levert sin rapport. Arbeidet munnar ut i ei rekke forslag, mange heilt ukontroversielle, og nokre særs omstridde. På sett og vis motseier desse to kategoriane kvarandre. Utvalet sitt arbeid står dermed att som noko uavklart, og fagleg tynt underbygd.
Rapporten er eit omfattande dokument i talet på sider og tema, men ikkje på langt nær so grundig i sine tilnærmingar som ein vil forvente av eit så viktig dokument. Professor Eystein Skjerve ved Norges Veterinærhøgskole skriv; “Det har vært en selsom opplevelse å lese denne rapporten. En del av forslagene utvalget legger fram kan være fornuftige, men er delvis svært dårlig underbygd i rapporten. Fra et ståsted utenfor næringa er det overraskende hvis et såpass dårlig gjennomarbeidet dokument skal være premissgivende for utvikling av denne store næringa.” Også næringa sjølve reagerar på at dette skal vere den store planen for utviklinga vidare. Samanhengar, målsetnader og konsekvensar er for lite underbygde i dei tiltaka ein føreslår.
Dei ukontroversielle forslaga til utvalet, går på kunnskapstilfanget ein har i dag. Der må meir kunnskap til, om havforhold og straumforhold, vert der slege fast. Dette er det ingen som vil setje seg opp mot, og mykje av dette arbeidet er allereie i gang. Men trass denne mankoen på kunnskap, meiner utvalet seg godt nok skodde til å føreslå ei arrondering av heile næringa. Forslaga om innføring av produksjonsområde med tilhøyrande utsettsonar, er det som får lokaleigde oppdrettsverksemder til å skjelve. Dersom dette vert gjennomført slik det står i forslaget, vil heile den lokale profilen til næringa stå på spel.
Der er fleire svakheiter med denne tankegangen i høve til dei måla ein ynskjer å nå. For det første vil eit slikt regime krevje langt meir areal tilgjengeleg for havbruk, berre for å halde oppe den produksjonen ein har i dag. Store område vil stå unytta til ei kvar tid, men like fullt bandlagde. I andre område vil ein få oppkonsentrasjonar av ståande biomasse. Desse områda fryktar ein kan bli meir utsette for oppblomstringar av smitte og lus enn det ein ser med dagens struktur. Rømmingsproblematikken, som av HI er utropt til den største trusselen frå næringa, saman med lus, har ein på ingen måte løyst med å samle meir fisk på mindre område.
Konsekvensane av desse grunt funderte tiltaka, vil bli djupe. Lokaleigde selskap som har drive godt i sine nærområde, vert no tvungne til å strekke sin aktivitet over eit langt større område. Produksjonen vert fordyra, arbeidsplassane vert mindre attraktive, og lokalkunnskapen som eit fortrinn vert redusert. For lokale slakteri og smoltprodusentar, vil periodane med full driftsstans kunne bli lange og skjebnesvangre. Korleis dette blir dekka inn, gjennom nyvunne fordelar med den endra strukturen, har ikkje utvalet lagt fram dokumentasjon på. Rapporten bære preg av snarare å vere tufta på idear, enn på kunnskap.
Gullestad-utvalet sin rapport er ikkje eit godt nok grunnlag for å fatte vedtak om framtida til ei av våre viktigaste eksportnæringar. Utvalet har ikkje løyst oppgåva dei fekk på ein fullgod måte, og dei har heller ikkje kvalitetssikra forslaga sine på ein måte som gjere dei eigna til å setjast ut i livet. I dokumentet som er levert ligg ein inkonsekvens, konklusjonen går langt lenger enn argumentasjonen har gjort veg for. Eit hav av tiltak er allereie i gang for å bøte på dei utfordringane rapporten skisserar. Det er ikkje for mykje å be om at ein let det desse verke, og avventar resultata. Dessutan må dertil eigna fagmiljø utgreie konsekvensane ulike tiltak vil ha for næringa, lokalsamfunna og nasjonen.
Så er det slik at medan utval skriv og legg fram rapportar, skjer der stadig ting i den handgripelege verda, i naturen. Laksesesongen 2011 har gitt rekordfangstar i mange elvar. På Sunnmøre gjekk der så mykje laks opp i elvane at både Fylkesmannen si miljøvernavdeling og ein forskar ved UiB meinte at det var naturstridig. Men det var det ikkje. Når den sikre kunnskapen tok over for synsinga, lærte dei lærde noko heilt nytt. Her kan eg ikkje gjere anna enn å slutte meg til utvalet sin konklusjon; vi veit altfor lite. Og med ”vi”, inkluderar eg i denne samanhengen dei som hevdar å vite best. Det har vore modig av utvalet å legge fram så bastante forslag, med so mange ukjende faktorar til grunn. Overmodig, vil nokon seie. Dumdristig og forhasta, kunne ein og ha sagt.
Tekst: Øyvind Kråkås