Salmon Blog: Næringa som ikkje klypper snorer

Om eg var politikarar i ein kystkommune og fekk ynskje meg ei næring å satse på, ville eg ynskt meg ei næring som var lønsam, var på lokale hender, ikkje kunne sentraliserast bort, og som produserte noko som folk verkeleg treng. Alle desse kriteria vart innfridde med lakseoppdrett. Kvifor kjempar ikkje politikarane då meir for lokal oppdrettsnæring?

Kriteria eg lista opp er absolutt ikkje typiske for norsk næringsetablering. I tur og orden har verftsindustri, smelteverk, tekstilproduksjon, hermetikkindustri og dei fleste andre former for produksjon av ”hardware” blitt flytta ut av landet. Det som er att, er stort sett basert på at ein hentar utlendingar inn for å gjere grovarbeidet. Dei næringane som nyetablerar seg, er stort sett baserte enten på sjeldan spisskompetanse eller på stor tilgang av offentleg stønad. Oljenæringa og service opp mot denne er unntaket som har skapt regelen.

Likevel har det vore langt mellom lovsongane for den norske oppdrettsnæringa. Oftare høyrer ein, også frå politikarmunn, at næringa brukar for mykje plass, ho lønnar for få, ho ureinar for mykje og ho tek for lite ansvar for fisketurismen. At ho har hatt ei god inntening, vert merkeleg nok og brukt som eit motargument. Ein skulle jo tru staten hadde nok å fø på, men likevel syner det seg at ein langt på veg vil føretrekke at tungt subsidierte næringar får etablere seg.

Ein kan då undre seg om der har lege for lite prestisje i å legge til rette for oppdrett. Tradisjonelt sett har havbruk helde ein låg profil, der har vore få snorklyppingar og prangande opningsfestar. Kanskje for få. Det er fullt mogleg at der burde vore gjort ei større nummer av kva tilrettelegging og satsing på oppdrett frå kommunane medfører av vekst for lokalsamfunna. Traust jobbing og gode innbetalingar til storsamfunnet har gjerne ikkje vore nok til å vekke politisk interesse og samfunnet si velsigning?

Eg vil utfordre politikarane til å vere med å løfte næringa fram i lyset. For sjølv i oljestaten Noreg er der bruk for lokal og privat kapital for å få vekst og levande lokalsamfunn. Og sjølv om selskapsskatten går rett inn til staten, så er jo havbruksnæringa med og fyller opp potten slik at der verkeleg er noko å omfordele. Der må jo framleis skapast før der kan delast. Sjølv framhevar eg meir enn gjerne samfunnsaktørar som slår eit slag for næringa, anten dei er politikarar, bankfolk, offentleg tilsette eller kva som helst anna. Eg skal til og med vere behjelpeleg med å finne ei og anna snor å klyppe, om det skulle vere ynskjeleg.

Tekst: Øyvind Kråkås