Salmon Blog: Lærevilleg næring søkjer kunnskapsbasert forvaltning

”Dei første som ville starte med lakseoppdrett i Canada, var anten fiskarar, nordmenn, eller norske fiskarar. Fiskarane kom til meg og sa; ”vi kan fisk”. Men eg sa; de kan fange og drepe fisk. De kan ikkje mykje om å halde han i live over tid”.

Orda tilhøyrer ein mann som har vore i den canadiske havbruksforvaltninga so lenge denne har eksistert. Men problemstillinga kjenner vi att. Folket på kysten hadde ikkje erfaring eller intuitiv kunnskap om å avle fram fisk i merdar. Men det var heller ikkje staten som kom med ein ferdig teknologi og lommene fulle av pengestønad. Pionerar tok sjansen og lærte etter kvart som problema oppsto. Vaksineselskap og andre kunnskapsmiljø kom med på laget, og løyste utfordringar som til tider kunne verke uoverstigelege. Fiskarbønder spelte på lag med doktorar for å kome vidare. Sjeldan har handverkarar og akademikarar kome tettare på kvarandre i noka norsk næring.

Dei færraste vil nekte på at ein har stira ned i eit par avgrunnar på vegen dit oppdrettsnæringa er i dag. Samstundes er det ekstremt viktig at folk forstår kor langt næringa er komen, ikkje ved å fjerne seg vekk frå naturen, men ved å tilpasse seg han. Fiskesjukdomane har blitt nøytraliserte i tur og orden, og lusa er ikkje eit problem for oppdrettsfisken i dag. Kunnskapen om fôr og avl på gode eigenskapar har drive næringa framover og oppover.

Derimot har kunnskapen om dei ville laksebestandane i stor grad sett ut til å bevege seg i ring. Fagmiljøa opptrer skråsikkert når dei føreslår nye restriksjonar for oppdrettsnæringa, men når dei ville populasjonane ikkje utviklar seg til liks med dei dystre spådomane, er der stadig ”stor usikkerheit” og ”der må forskast meir”. For enkle kystfolk kan det beint fram minne om at framståande forskarar helde tvert på sine teoriar for å oppretthalde sin prestisje og sitt næringsgrunnlag. Hadde oppdrettarane vore so stridige i sitt møte med ny kunnskap opp gjennom åra, ville næringa ha brote ryggen for lengst.

”Føre var prinsippet” har blitt ei allversjakke for forvaltninga å ta på seg i alle samanhengar. Kor merkeleg handlingane enn ser ut, finn det sin heimel i føre var. Samstundes har ein lete sanninga tilfalle dei som dyrkar friluftsinteresser med jakt og fiske. ”Vi kan naturen”, seier dei, ”for vi er glade i å bruke han”. Men eg seier; ”dei kan fange og drepe fisk, men fint lite om å få han til å overleve og øksle seg”. Vennskapspakta dei har inngått med villaksen, må nok verke ironisk på laksen sjølv, der han blir dregen i land med ein krok i kjeften og blir drepen med eit slag i skallen.

Vedlikehaldet av det atlantiske villaksen, er eit ansvar vi må ta på alvor. Det må byggje på dei beste kunnskapsmiljøa i ein felles agenda om å byggje opp om fisken, ikkje fiskeria. Friluftsinteresser og grunneigarar sin draum om rikt fiske og store inntekter, er ikkje noko edlare mål enn oppdrettsnæringa si interesse av å drive lønsamt med sine ting. Hobbyfiskarar sine ”krav” til spesielle teknologival, eller klagesong om straff og soning, er berre mantraet frå slike som har gått meir i dørene på miljøverndepartementet enn dei har gått langs elvekanten. Desse har ikkje kunnskapen og dei søkjer ikkje løysingane.

Forvaltninga av villaksen er best tent med at lydhøyre og audmjuke forskarar jobbar tett saman med folk som har tileigna seg kunnskap og erfaringar med det å få fisk til å overleve. Nokre av desse er elveeigarar, nokre er oppdrettarar. Vossoprosjektet, og Norsk Villaksforvaltning sitt arbeid i Sunnfjord, er glimrande døme på dette. Laksen kjem no attende i desse elvane i store mengder. Om der skulle bli for knapt med kapasitet til å få fiska opp nok, kan ein sjølvsagt kople inn Oslogutane.

Tekst: Øyvind Kråkås