Salmon Blog: Bærekraft, og kraft nok til å bære sine eigne pretensjonar
Der var ei tid då Fiskeribladet Fiskaren var ei avis som forsto kystnæringane og hadde kunnskap om det ein dreiv med på kysten. Slik er det ikkje lenger. Kommentarar skrivne av Kjersti Sandvik og Øystein Hage, syner at dei burde bruke sine krefter i Natur og Ungdom.
Bakgrunnen for deira innsiktsfulle kommentarar, er at HI, ved Taranger, har lagt fram ei oppdatert vurdering av korleis næringa held fylgje med bærekraftsmeldinga som regjeringa har prestert. Problemet med denne meldinga er at ho er så fjern frå den verkelege verda at sjølv urbanisten Erik Sterud ser at dette bære gale av stad. Under Hardangerfjordseminaret i vår, spurte han om det verkeleg skulle vere slik at oppdrettsnæringa ikkje skulle ha påverknad på naturen. ”Ja”, svarte departementet sin utsende høgtlesar, ”viss det står her i papiret eg har fått, så er det vel slik”.
Med dette staurgalne utgangspunktet, har ein altså fossa fram med krav til behandling på svært låge lusenivå. Denne agelause behandlinga vil sjølvsagt auke risikoen for resistens, og truleg og for rømming og fisketap fordi får ein uforholdsmessig mykje handtering av nøtene. Men slike omsyn kan ein ikkje ta om ein har skrive ei melding som skal vare i mange år. Då får ein berre halde fram, og satse på at folk likar det dei høyrer. Og det gjere dei, alle dei som vil næringa til livs. Dei kaukar på, om stadig sterkare verkemiddel. Kjensgjerningane er at ein aldri vil kome i takt med bærekraftsmeldinga, fordi denne er eit stort knotstykke. Laga av ukunnige, til glede for uvillege.
Fiskeribladet Fiskaren sine skribentar blir overraskande lett match i den propagandakrigen dei her trakkar seg inn i. Velmeinande (får ein tru)heiar dei fram store, dramatiske tiltak for å tilfredstille villfisken sine såkalla vener. Desse er glade for å snakke om alt anna enn at villkaksen, mot deira gode forskarvener sine spådomar, no fossar opp i elvane, og blir drepne i rekordmengder av sine vener, elvefiskarane. Medan truverdet til den norske villaks forvaltninga er sett kraftig på spel, fordi fisk som skulle vere daud under utvandringa av lusepresset i 2009, no vender heim til sin fødestad, er det svært behageleg å flytte lyset over på ”bærekraftsmeldinga”.
Og så er det dette med bærekrafta då. Ein må ikkje snakke seg bort frå å opptre berekraftig, seier Sandvik, og det kan det vere noko i. Problemet er jo berre at definisjonen av bærekraft, slett ikkje fangar opp den viktige økonomiske delen som ho påpeikar. Og heller ikkje for Hage er dette noko interessant tema, varm og god på sitt kontor meiner han at det gjere ikkje noko om ein tek innteningspotensialet ut av oppdrettsnæringa for framtida, fordi ho har hatt nokre svært gode år i fortida. Vel, om det er slik det er, så kan ein jo lure på kvifor den ein gong så viktige villaksnæringa på kysten, ikkje betyr nokon ting lenger, etter at ho vart fråteken retten til å fiske? Ho var så rik at ho burde vel kunne omstilt seg til ikkje å få fiske?
Det vi ser altså at ein har laga seg bærekraftsmål som eigentleg berre er nasjonale vernevedtak. Og i staden for å seie at næringa må leggast ned, jagar ein etter desse ”bærekraftsmåla” som berre resulterar i stadig mindre bærekraft. At politikarane står inne for det, er forståeleg. Det er jo dei som har valt feil veg, og dei må ikkje vike no, berre to år før valet. At forskarane står inne for det, er forståeleg. Det er jo dei som har spådd noko heilt anna enn det vi ser i elvane no, og må stå ved den feilen. Dei vil jo fortsette å forske, må vite. At elvefiskarane sine godt betalte problemsøkarar står inne for det, er forståeleg. Dei har jo heller ikkje nokon plan B når fiendebiletet endrar seg. Men at Fiskeribladet Fiskaren hausar fram denne tankegangen, som i seg sjølv er det motsette av bærekraft, det er så gale at ein må lure på om dei kan noko som helst om den næringa dei har teke mål av seg til å dekke.
Tekst: Øyvind Kråkås