Positiv utvikling for sjøauren kan opne for fiske i Lærdalselvi
Stikk i strid med at sjøaurebestandane i Sogn har vorte heldne fram som katastroferåka, tilrår no fylkesmannen at der vert opna opp for fiske i Lærdalselvi i 2012. Dette som fylgje av ei positiv utvikling for bestanden.
I fylkesmannen si tilråding står der:
“Fylkesmannen foreslår at det vert opna for eit avgrensa fiske etter sjøaure i Lærdalselvi frå 1. juli til 15. august, og at fiske etter laks vert som før frå 1. juni til 31. august den tida elva framleis er under behandling. Lærdalselvi har vore stengt for fiske etter
sjøaure frå 2008 av omsyn til liten registrert gytebestand. Bestanden for sjøaure viser no ei positiv utvikling, og fisketeljinga i 2010 viste 445 sjøaure. Det er ikkje gjennomført gytefiskteljingar i 2011 enno, men det visuelle inntrykk ved observasjonar frå land og ved
dykking tyder på eit godt innsig også i år.”
I rapporten som SINTEF leverte i forbindelse med AHA-prosjektet, står der derimot at bestanden tok seg betraktelig opp fram til 2003, men deretter har opplevd ein tilbakegang, og at “dette faller sammen med den negative bestandstrenden i Sognefjorden generelt sett, og en kan derfor anta at nedgangen i også dette vassdraget skyldes dårlige fohold i sjøfasen”. No er altså denne bekymringsfulle trenden snudd, og det må venteleg ha samanheng med betre tider i sjøfasen.
SG reknar med at den positive trenden for sjøauren også vert lagt til grunn for handsaminga av oppdrettsspørsmål i fylket.
Tekst: Øyvind Kråkås