Lisbeth ynskjer dyrking av tare

Fiskeri- og kystministeren opna seminaret “Tare- grøn energi frå havet” på tysdag, og ho framheva den kompetansen og naturgjevne tilhøva Noreg har for å kunne utvikle ein industriell tareproduksjon.

I denne samanhengen snakkar ein om å bruke taren til energi, medan Salmon Group jobbar med ei langt meir allsidig bruk av ressursen, gjennom prosjektet “Integrert Akvakultur”. Primært ynskjer ein å kunne nyttegjere seg av proteinet i sjøvekstane, til ernæring for menneske og dyr. Dei ulike bestanddelane i taren kan nyttast til ulike formål, og energiproduskjon kan bli eit biprodukt av ei meir høgverdig  prosessering. Forskinga på området gjere stadige framsteg.

Salmon group har jobba med taredyrking integrert med lakseoppdrett sidan mars 2010. Prosjektet “Integrert Akvakultur” har påvist ein stor vekdpådrivar med å dyrke taren i nærleiken av anlegga. Vidare vil ein utvikle prosjektet som industriell skala, der stort nok kvantum av den rette kvaliteten til eit avklare haustingstidspunkt er dei tre kritiske suksessfaktorane. Kundar frå heile verda har alt meldt si interesse for å kjøpe den ferdige råvara.

Salmon Group, Sulefisk og Hortimare jobbar no fram mot neste vår med å legge grunnlaget for ei industriell utprøving av konseptet. Ein ynskjer då å etablere eit eige selskap der industrielle investorar kan bli med på å ta ideen vidare. Aksjonærane i Salmon Group vil bli dei første som vert inviterte med på å utvikle denne nye næringa basert på ein eldgamal ressurs.

Les og :

http://salmongroup.no/aktuelt/2011/08/stor-interesse-for-integrert-akvakultur/

http://www.kyst.no/index.php?page_id=59&article_id=91063

http://www.kyst.no/index.php?page_id=59&article_id=88997

Tekst: Øyvind Kråkås