Laksens Dag leverte overskot

Laksens Dag i Florø vart eit arrangement som mottok ros både frå publikum og media, og no syner det seg at ein og heldt seg til forventningane økonomisk.

Arrangementet var eit spleiselag mellom ei rekke næringsaktørar, dugnadsfolk og Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Prosjektet var budsjettert med å gå ut i null, men ein del kostnader vart mindre enn føresett. Overskotet vart på godt 20 000 kroner, og truleg vil desse pengane gå inn i eit tilsvarande arrangement neste år. Stor bidragsvilje frå næringa var med og gjorde årets Laksens Dag mogleg å gjennomføre, og signala frå dette spleiselaget tilseier at der blir lakseglede på torg, scene og gatelangs og i 2012.

Det er og ei glede for arrangørane at ein del lokale lag og organisasjonar fekk inntekter som fylgje av dugnadsarbeid under arrangementet. Flora Røde Kors, Florø Hestesportklubb og FSK stilte opp og gjorde ein kjempejobb. Slike lokale krefter må til for å kunne avvikle denne typen arrangement, og Florø er ein fantastisk by når det kjem til å jobbe dugnad og trekke lasset saman. Ein tredje suksessfaktor var samarbeidet med Sildebordet, Florø Rockeklubb og Florevika Båtmesse.

Tekst: Øyvind Kråkås