Hardangefjordforskrifta kjem når som helst

Etter det SG kjenner til , rykker Hardangerfjordforskrifta stadig nærare å bli iverksett. SG meinar at dette er resultatet av politisk hestehandel, og at oppdrettsnæringa generelt og Hardanger spesielt, vert ofra i eit ureint spel. Difor gjekk vi ut med fylgjande pressemelding i dag:

“Ei innføring av Hardangerfjordforskrifta vil vere eit politisk svik mot alle som arbeidar i og rundt laksenæringa i Hardanger. Og det er og eit svik mot sanninga. Biletet som har fått feste seg av Hardanger som eit mindre eigna område for oppdrett, er falskt, og basert på at ein har valt seg ein syndebukk. Hardanger vert ofra i eit dyrt spel om billege politiske poeng.

I ein sesong då villfisken strøymer attende, og det frå generasjonar som skulle vore utrydda av lus, står det heilt klart at fakta og kunnskap har tapt for synsarar og vikarierande interesser. Forvaltninga viser null evne til å tilpasse seg at dei spådomane dei har kome med har slått feil. I staden vil ein bortforklare det gode laksefisket med andre tiltak, tiltak mot problem som ikkje vart rekna som viktige berre for nokre månader sidan. Utan tanke for noko føre var, vil ein no utvide sesongen for fiske etter gytefisk i elvane. Samstundes skal ein strupe oppdrettsnæringa med stadig meir kritiske tiltak, utan at verken effekt eller føremål er skikkeleg dokumentert. Dette luktar av symbolpolitikk. Og om ikkje regjeringa her teke ansvar og ser kva dette vil ha å seie for hundrevis av arbeidsplassar i Hardanger, er symbolpolitikk det einaste dei har å vise for seg.

Salmon Group har tidlegare dokumentert kva skadeverknader Gullestad sine forslag om produksjonsområde vil ha, og dette er eit tilsvarande åtak i lokalt format. Det som her kjem snikande, vil bli ei ulukke ikkje berre for næringa, men for mange lokalsamfunn og familiar som har sitt utkome frå denne aktiviteten. Når effekten av dette sviket vert synleg for folk flest, er det for seint å berge inn att desse jobbane.”

 

Øyvind Kråkås

Informasjonsmedarbeider

Salmon Group AS