God fantasi i NINA
Norsk institutt for naturforskning (NINA), har fleire gongar i år vorte konfronterte med usikker bevisførsel og metodeval. Instituttet held fast på sin kverulantiske kommunikasjonsstrategi, med stadig nye unntaksreglar for sin sikre kunnskap.
Sist ute i rekka er forskar Tor Fredrik Nesje, som overfor kyst.no forklarar alle dei fellene ein kan gå i når ein skal skilje villfødd fisk frå oppdrettsfisk med det blotte auget. Der finst nemleg “tidleg rømt fisk som er tilpassa livet i havet”, og der finst “stor villaks med slitasjeskadar”. Der er altså ikkje grenser for kva utvegar ein kan finne framfor å innrømme at visuell sortering ikkje er godt nok i vitskapleg samanheng.
Om ein heller ikkje i framtida har tid å vente på sikre testar, eller ikkje trur på desse når dei kjem, vil SG tilrå at ein koplar inn miljøvernminister Erik Solheim og fiskeriforvalter i Nord-Trøndelag Anton Rikstad til å lære seg triksa. På nettsidene til NRK Trøndelag sto desse fotograferte under ei posering som effektivt skulle syne den vesentlege visuelle forskjellen mellom den elvefødde og den framavla fisken. Sjå og lær.