Foredlingsverksemd truga av rutenedlegging

Medan fiskeri- og kystministeren stadig snakkar om at veksten for norsk sjømatnæring skal kome i foredlingsleddet, skjer der få gode ting i tilrettelegging av infrastruktur for slike verksemder. For Svanøy Røykeri, vil ei varsla rutenedlegging vere med og vaskeleggjere ei planlagd utbygging og vidare drift.

Færre ruter og mindre tenlege båtar er det som står på dagsorden når Sogn og Fjordane Fylkeskommune no legg båtrutene i Florabassenget ut på anbod. Gro Sveen seier fylgjande til avisa Firdaposten. “Eit rutekutt vil ha store konsekvensar for oss i ein byggjeperiode. det vil bli vanskeleg for ein entreprenør å frakte maskiner og materialar ut. Dessutan vil det bli ein del praktiske problem når bygget er ferdig. Vi er avhengige av å frakte ut materialar og råvarer og få sendt fisk frå oss dagleg for å halde på kundane”.

Gro Sveen er dotter av Trond Sveen og Elin Tveit Sveen, som eig og driv Salmon Group-selskapet Marø Havbruk. Svanøy Røykeri er ei forbilledleg satsing på å ta meirverdi ut av den lokalproduserte fisken.

Tekst: Øyvind Kråkås