Då Oslo kom til Fyksesundet
Nærings- og handelsdepartementet har den siste tida hatt ein turnè blant bedrifter kring om i landet. 11. oktober var tre representantar; Kristine Pedersen, Kevin Thomassen og Olve Engebrethsen, på plass hos Lingalaks.
Nærings- og handelsdepartementet er sit stort og viktig departement, som mellom anna har oppgåver knytte til statleg eigarskap. Oppdrett var eit rimeleg nytt felt for dei tre som hadde teke turen frå Oslo, men dei fekk ei god innføring frå dei lokale aktørane. Ved sidan av Rolv og Erlend Haugarvoll og Lars Heine Kåsa frå Lingalaks, var og Hardanger Fiskeforedling og Salmon Group tilstades på møtet. Foredlingsverksemda heldt eit innlegg om dei store utbetringane som no er iferd med å kome på plass ved anlegget deira. Her har dei lokale selskapa Lingalaks og Tombre satsa mykje pengar på å utvikle arbeidsplassar og verdiar i lokalsamfunnet.
Men alt er ikkje berre friskt og flott i Hardanger heller for tida, trusselen om å innføre den varsla Hardangerfjordforskrifta, rykker stadig nærare, ironisk nok etter ein sommar då elvar langs fjorden har sett fangstrekordar etter vill laks. Problemstillingane kring dette vart diskutert, og ein ynskjer her at departementet skal vere meir bevisste på den viktige rolla sjømatnæringa spelar i Hardanger. Som Rolv Haugarvoll formulerte det; “Der jobbar ikkje fleire ved Bjølvefossen (Elkem sitt smelteverk ved Ålvik) enn det gjere i oppdrettsnæringa i området”.
Visningssenteret til Lingalaks i Fyksesundet var vertskap for møtet, og Åsta Haugarvoll diska opp med nydelege lakserettar, ein eigen meny utvikla i samarbeid med Norsk Sjømatsenter. Saman med andre matvarer frå Hardanger, ynskjer ein å markandsføre laksen frå området under eit spesielt Hardanger-merke. “Ein stabil produksjon i fjorden og lokal prosessering vil vere føresetnader for dette. Desse føresetnadane forsvinn ved ei innføring av ei slik forskrift som her føreligge”, sa daleg leiar Erlend Haugarvoll ved Lingalaks, som har gjeve opp tilvære i byen for å satse på lokal sjømatproduksjon.
Besøket vart avslutta med eit besøk ved eit av Lingalaks sine anlegg, der gjestene fekk sjå korleis ein med minimal energibruk og naturlege hjelpemiddel som leppefisk kan produsere enorme mengder sunn mat. Den nyinnkjøpte lokalproduserte arbeidsbåten frå Djupevåg Båtbyggeri frakta gjesten trygt omkring på fjorden.
Tekst og foto: Øyvind Kråkås
